Lørdag 23. mar 2013 kl. 21:00

Sidsel Endresen og Stian Westerhus

Vossa Jazz / Park
Voss
To verkeleg spennande artistar med tyngde og kred høyrest ut som ein uslåeleg kombinasjon, og det kan vel dei fleste som har høyrt dei skriva under på.

Endresen si stemme spelar på heile registeret, ho produserer eit lydbilde som er både nært og menneskeleg samtidig som det er noko ujordisk over det til tider. Med gitarmagikar Westerhus som makker utfyller dei kvarandre fullt ut. Begge er improvisatørar på topp internasjonalt nivå, og kommunikasjonen dei i mellom på scena kan nesten oppfattast som telepatisk. Duo-konseptet har dei mellom anna prøvd ut på Nattjazz, ein konsert det framleis går gjetord om over eit år etterpå – opptaket vart gitt ut på Rune Grammofon og lansert til stor internasjonal interesse. BBC kallar resultatet bergtakande. Beste garantien for konserten er det likevel publikum på plata som står på – den overveldande reaksjonen vitnar om eit konsert utanom det vanlege og som du gjer klokt i å få med deg når dei vitjar Voss.

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev