Audun Vinger er ein ihuga musikk-entusiast, redaktør av Jazznytt og NTT, kulturskribent i Dagens Næringsliv, og foredragshaldar og programleiar. Mellom anna gjennom fleire år her på Voss, som han held for å vere eit av dei store høgdepunkta på konsert- og festivalkalendaren.
Med programserien Jazznytt 18 møter han musikarar, komponistar og andre til lærerike og underhaldande samtalar.
Sjå Vinger i samtale med Benedicte Maurseth i Gamlekinofoajéen sundag, rett etter hennar framføring av det allereie kritikarroste konsertkonseptet Mirra.