Røyken jazzforum ønsker velkommen til konsert med to prisbelønte musikere i et utradisjonelt duoformat!
Duoen består av vokalist Rohey Taalah og saksofonist Martin Myhre Olsen, som begge har gjort seg bemerket i prosjekter som bl.a. Gurls, Hegge, Wako og Trondheim Jazzorkester de siste årene. Samarbeidet oppstod etter et ønske om å utforske den nære koblingen mellom vokal og saksofon, og hvordan man kreativt kan skape et komplett lydbilde med denne instrumenteringen. De vil presentere låter av bl.a. Aretha Franklin, Joni Mitchell og Laura Mvula i tillegg til noen kjente jazz-standarder.
Dette kan fort bli din nye favorittduo!
Rohey Taalah – vokal
Martin Myhre Olsen – saksofoner
_______________________________
Anmeldelser:
MOLDEJAZZ 2024
«Eit fyrverkeri i duoformat»
Rohey Taalah (vokal) og Martin Myhre Olsen (alt-, tenor- og barytonsaksofon) stod for eit fyrverkeri av ein konsert og fekk etter at dei avslutta med Carole Kings «A Natural Woman» eit entusiastisk publikum på beina i intens trampeklapp. Duoen hadde ikkje øvd inn anna enn dei ti låtane dei allereie hadde servert, så då blei det ein reprise på «Feeling Good» som Nina Simone gjorde referansetolkinga av i 1965. Repertoaret var ein fin miks av standardlåtar i ymse sjangrar. Myhre Olsen varierte saksofonbruken etter karakter og stemning på repertoaret, og samspelet mellom dei to var saumlaust. Taalah fortalde villig vekk om hennar tilhøve til dei ulike låtane, men passerte ikkje grensa for for mykje prat. Indikasjonen på at konserten kom til å bli av det minneverdige slaget, kom med Joni Mitchells «Both Sides Now» der Taalah avslørte framifrå historieforteljarevner. Myhre Olsen hadde ein glimrande intro på nemnde «Feeling Good», og i byrjinga song Taalah som om Simone stod i rommet. Overraskande nok hadde dei inkludert den overtone-spekka Jaco Pastorius-balladen «Portrait of Tracy». Dei to hadde gjennom arrangementet fått fint fram essensen i låten.
Eit anna høgdepunkt på konserten var den tradisjonelle antikrigssongen med den ironiske tittelen «Bright Sunny South», ei påminning frå dei to om både Ukraina og Gaza. Dei letta på stemninga med å avslutta med «The Moon Is A Harsh Mistress» og nemnde «A Natural Woman». Lars Mossefinn, Salt-Peanuts