Over Tregrensa er ei rekkje lange og korte stykke komponert av Åsmund Waage og Åsmund Dahlin Johansen, og spelt av 14 eineståande turklede-kledde musikarar.
Program
Åsmund Dahlin Johansen
«…Tiden renner ut for markmusa»
«Bukkene Bilkræsj»
«Lemmus lemmus»
«Lemmus Lemmus Lemmus»
Åsmund Skjeldal Waage
«Tower Falcon»
«Fjellrev»
Medverkande
Åsmund Dahlin Johansen (gitar, komposisjon)
Åsmund Skjeldal Waage (vibrafon, komposisjon)
Johanna Scheie Orellana og Oline Grimstad (fløyte)
Ester Aasland (klarinett)
Jonathan Sandqvist (fagott)
Sivert Svendsen Stette og Oskar Lindberget (saksofon)
Karl Jogi og Alexandra Peral (fiolin)
TBA (bratsj)
Elias Nurmi Schomers (cello)
Nichlas Gordon Sørum Sim (kontrabass)
Mattis Teigen-Kolerud (trommer)
Omtale
Musikken til Over tregrensa blei presentert for publikum for første gong 21. oktober 2022 til stor begeistring, på ein konsert der treblås, strykarar og eit groovy komp blir foreina i ei svært rik, sprudlande og unik lydverd. Med underfundig improvisasjon, harde beats, romantiske passasjar og eksperimentell instrumentbruk opnar stykka for stor variasjon og breidde, samtidig som det er ein raud tråd gjennom alt. Musikken tar inspirasjon frå dyr som lever på høgfjellet, som moskus, lemen, tårnfalk og dobbeltbekkasin. Resultatet blir ein fargerik konsert med mange minneverdige musikalske opplevingar.
Åsmund Dahlin Johansen
Åsmund Dahlin Johansen er ein komponist og musikar som byrjar på det fjerde og siste året sitt på Det frie kandidatstudiet på NMH. Han skriv for og samarbeider med musikarar frå mange sjangrar, mellom anna jazz, rock, klassisk, folkemusikk og elektronisk musikk. Det siste året har han laga musikk for storband, blåsekvintett og blåseensemble, deltatt på folkemusikk-camp i Ungarn, og spelt debutkonsert med prosjektet Technosatan på Krøsset i Oslo.
Åsmund Skjeldal Waage
Åsmund Skjeldal Waage er ein vibrafonist og komponist, og byrjar no på det fjerde året sitt på jazzlinja på NMH. Dei siste åra har han hatt fleire prosjekt innanfor fleire sjangrar, som: Waagal, KEMBRO, Crimson og Åsmund Waage kvartett. I tillegg speler han med andre band som Neptunes Habit, Live Hanken, Henrik Haugen Kvintett, og har også nyleg vore med som gjest i «Lille Helvete» med Lage Lund, Ole Morten Vågan og Gard Nilsen.
Konserten er ein del av Noregs musikkhøgskoles 50-årsjubileum.