Lørdag 18. jan 2020 kl. 19:00

Norvald Dahl – solo piano

Blåmann Records / Korskirken
Bergen

Vent deg ei suggererande musikalsk oppleving, med blanding av jazz, folkemusikk, pop, og moderne klassisk når pianisten Norvald Dahl «går solo”. Med alt frå melodiøse improvisasjonar til tøffe klangar og folketonar, fyller Norvald Dahl kirkerommet med god stemning.

Denne kvelden sit Dahl aleine ved flygelet, og vi får mellom anna høyre låtar frå den ferske plata Flying High som er spelt inn i Fosnavåg konserthus med moderne romklangteknologi. Under konserten i Korskirken vil du få høyre eigenkomponert materiale frå plata, og kanskje kjende melodiar i eigne arrangement.

Dette seier den amerikanske jazzmusikaren Jonathan Kreisberg om Flying High:

«Norvald Dahl has recorded a set of beautiful and highly personal piano improvisations. At times, the crystalline and patient statements sound like they could be an homage to the unique meeting of mountains and sea that takes place in his native region of Møre og Romsdal, Norway. Fans of creative solo piano and audiophile recordings will surely add this to their list of favorites».

Norvald Dahl er kanskje mest kjent for bergenspublikum for sine mange konsertar ved jazzklubbane Swing n´sweet og Evans. Der har han mellom anna hatt med seg bassist Alex Grieg, Nils Are Drønen på trommer og den amerikanske saksofonisten Jon Irabagon. Dei siste åra har sunnmøringen tatt mastergrad i jazz-improvisasjon ved Norges Musikkhøyskole i Oslo, og før det arbeidde han som pianist og pianopedagog i Bergen i om lag ti år. Han har leia ei rekkje musikalske prosjekt både nasjonalt og internasjonalt, og han er mykje nytta som freelancer.

«Flying High» er den andre plata han har spelt inn som del av masterstudiet på musikkhøgskulen. På den første innspelinga hadde han med seg den amerikanske saksofonisten Jon Irabagon og bassist Mats Eilertsen og det førte til albumet «Organic Chamber». Denne kammerjazz-plata fekk fine kritikkar i pressa:

“This album is a treasure chest of musical gems, which can be discovered anew with each consecutive listening session.» («The Soundtrack of my life», by Adam Baruch – 2018)

«Tøft og annerledes! (…) Norvald Dahl byr på noe helt eget», omtale av kritikar Tor Hammerø.

Kjøp billetten i døra:
kr 200,- kr 100 for student/ barn
Kontant /Vipps
CD kr 100,- (one time spesialpris)

Eitt sett på vel ein time.

Denne turnéen er støtta av Creo og Norsk Jazzforum.

TURNÉ
30.12 Fosnavåg Konserthus
16.01 Molde- Salen
18.01 Bergen- Korskirken
23.01 Stavanger- Spor5
26.01 Oslo- Sagene Kirke
30.01 Opera Nordfjord

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev