Fredag 27. mar 2026 kl. 22:30

NORMAN&CORRIE (UK)

Vossa Jazz / Jazzklubben
Park hotel Vossevangen

Kva får ein dersom ein blandar Shetlands rikhaldige folkemusikkarv med fandenivolsk jazz? Jau, då får du Norman&Corrie, ein eksperimentell folk-duo som er samansett av Corrie Dick – ein trommeslagar frå Skottland og Norman Wilmore ein saksofonist frå Shetland.

Røtene i folkemusikken går djupt i dette prosjektet, men samstundes lagar dei eit uttrykk som ikkje heilt let seg fanga i ein sjanger. Dei nyttar orgelpedalar for å endra lyden i saksofonen og effektar i slagverkseksjonen som får dette til å låta langt rikare enn duo-formatet skulle tilseie. Det er sterke band mellom Shetland og Noreg og musikken vår er med på å understreka dette, for her kan ein lett dra parallellar til vår eigen tradisjonsmusikk.

«Å oppdage og forelske seg i musikken frå øyane mine, som har overlevd og vorte spelt i mange format i hundrevis av år, driv oss til å lage musikk saman. Vi ynskjer å verne om denne kulturen ved å vere ein del av han, skyve han inn i nye musikalske stadar og spele han for nye publikum.» – Norman Willmore om musikken deira

Norman Wilmore – saksofon og elektronikk
Corrie Dick – trummer og elektronikk

Foto: Laura Meek

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev