Jazztonar frå alle verdshyrne!
To gonger tidlegare har den verdskjende bassisten Per Mathisen gjesta Stord Jazzklubb. Denne gongen har han med seg Rodolfo Nava, tommeslagar frå Mexico, som no bur i Luster og gitaristen Wayne Brasel frå California, som no bur i Stavangerområdet. Alle tre er topputdanna musikarar med lang fartstid som utøvande artistar, komponistar, bandleiarar, pedagogar og produsentar.
Fredag 18. juni vil ein kunna nyta fengjande tonar inspirerte frå Tunis og Syria, frå fjordar og fjell, Aberdeen og New York nattestid. Ein instrumental jazzversjon av The Beatles sin «Strawberry Fields Forever» står og på repertoaret.
Trioen fekk strålande kritikkar etter konsert på Munthehuset i Luster for to år sidan.
Om ein ønskjer det, kan ein før og etter konserten nyta god mat og drikke i flotte omgjevnader på Stord Hotell.
Rodolfo Nava – trommer
Wayne Brasel – gitar
Per Mathisen – bass