Lørdag 14. okt 2017 kl. 20:00

MONK I 100 med Knut Kristiansen – Jazz på Jølst 2017

Jølster Jazzklubb / Thon Jølster Hotel, Skei
Jølster

Knut Kristiansen Tentett med John Riley.

I 2017 er det 100 år sidan Thelonious Monk blei fødd. Knut Kristiansen har arbeidd med Monk sin musikk sidan starten av 60-talet. Han brukte konfirmasjonspengane på Monk-plater, og transkriberte dei alle for hand. Platene er forlengst spelt i hel etter at stiften er flytta eit utal gonger for å plukke opp alle rytmiske finurlege vendingar og blå tonar. Knut Kristiansen (KK) er i dag blant dei fremste Monk-tolkarane i Europa og er utan tvil blant hans aller største fans.

Ensemblet er av høg profesjonell kvalitet og samansett av frilansmusikarar samt musikarar frå Bergen Big Band, Sjøforsvarets Musikkorps og Bergen Filharmoniske Orkester. Det er musikarar som både er dyktige på improvisasjon og gode ensemblemusikarar.

På trommer spelar New York-baserte John Riley, som til vanleg trakterer trommene i Village Vanguard sitt husband og som har spelt med fleire av dei aller største stjernene i jazzhistoria.

Tor Yttredal – altsaksofon
Zoltan Vincze – tenorsaksofon
Axel Røed – barytonsaksofon
Are Ovesen – trompet
Sindre Dalhaug – trombone
Fred Johannessen – horn
Niklas A Kvenild – tuba
Knut Kristiansen – piano
Sigurd Ulveseth – bass
John Riley – slagverk

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev