Fredag 27. jan 2023 kl. 20:00

Kurt Slevigen Duo/Tubesnakes ( Stord Bluesfest )

Stord Jazzklubb / Stord Hotell
Kjøtteinsvegen Stord

KURT SLEVIGEN DUO
Fredag 27. januar ønskjer Stord Jazzklubb velkommen til ein utflytta stordabu med eit velkjent namn innan bluesmiljøet i Noreg.
Kurt Slevigen var medstiftar av Bergen Bluesklubb, frontfigur i Chigago Bound og har spelt i fleire norske bluesband .

Her får publikum blues i si opprinnelege form, med lidenskap, alvor og djupne. Kurt Slevigen og Arne Fjeld Rasmussen har spelt saman i Kurt Slevigen Band sidan slutten av 90-talet. Kurt slepte si første soloplate i 2002, «East Side from the West Side». Nøyaktig 20 år seinare er tida inne for ei ny utgjeving, denne gong som eit duo-album.
Både for Kurt og Arne er bluesen noko meir enn musikk, det er opphavet til det meste av vår tids musikk, sjølve hjørnesteinen i moderne musikk. Dette albumet, “Paying Homage to the Blues”, er ein hyllest til 50-talet si store tid innan studioinnspeling.
Settingen er enkel: Gitar, vokal og munnspel. Uttrykket er rått, upolert og har eit sterkt personleg preg, noko som gjer dette til ei plate som ligg litt utanom det vanlege. Arne Fjeld Rasmussen er kjent som munnspelar i Vidar Busk & His True Believers.
Sjølv om Slevigen og Fjeld Rasmussen har valt å gje ut eit album med mange kjente coverlåtar, er det aldri snakk om å kopiera originalane.
Kurt Slevigen – gitar og song
Arne Fjeld Rasmussen – munnspel, song

https://promo.theorchard.com/o0YwG58CQhoVoNXcx9Xh

Slevigen Duo får følgje av Stord sine eigne bluesrockarar,Tubesnakes.

TUBESNAKES
Stord sine eigne bluesrockarar i Tubesnakes er i gang med si femte plateinnspeling.
Prosjektet har fått namnet «Handfull of Dust» som kjem ut ein gong på nyåret.

Låtane rettar hattetippen mot Tubesnakes sine eigne røter i texasbluesen. Desse røtene tek Tubesnakes på alvor, og vil difor spela inn resten av plata på begge sider av Atlanteren i 2023.

Tubesnakes gleder seg over å få presentera låtar frå bandet sine fire siste innspelingar i tillegg til låtar som vert å finna på neste langspelar, «Handfull of Dust».

Rolf Martin Haldorsen – gitar og song
Johnny Stensletten – bass
Per Kenneth Hauan – tangentar
Per Inge Stensletten – trommer

https://www.facebook.com/watch/?ref=search&v=498168035291801&external_log_id=8cbcd741-f406-4c1c-8216-86e7d9a6e4f1&q=tubesnakes

https://www.facebook.com/watch/?ref=search&v=498168035291801&external_log_id=8cbcd741-f406-4c1c-8216-86e7d9a6e4f1&q=tubesnakes

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev