Lørdag 08. mai 2021 kl. 13:30

Knut Kristiansen Trio feat Aksel Røed

Swing N Sweet Jazzclub / Lille Ole Bull Scene
Bergen

Tre generasjoner jazzutøvarar møtes med pianolegenda Knut Kristiansen i spissen. Kåkå – to stavingar som maner fram bilete av myndig autoritet og briljant pianospel. At Bergen huser ein av dei fremste tolkarane av Monk i Europa er ein vesentleg, men ikkje utfyllande del av historia om Knut Kristiansen – undervegs har han lagt grunnlaget for eit yrande jazzliv og musikkundervisning i byen, starta storband og vore (og stadig er!) ein vesentleg formidlar av afrikansk og latinamerikansk musikk. Han vann Buddyprisen i 1983 og Vossajazzprisen i 1990. No drar han på tur med ungdommen i ei blanding av eigen originalmusikk og komposisjonar av mellom anna Dollar Brand og Ornette Coleman.
Bassist Magne Thormodsæter underviser på Griegakademiet, har vore dagleg leiar for Bergen Big Band, og deltatt i rekkje innspelingar – frå Lene Marlin til Terje Rypdal. Slagverkar Sigurd Steinkopf har ikkje rukke å bli 25 år enno, men har allereie rukke å opptre med Joshua Redman og vunne Ungjazzpris med Peace, Love and Swing.
Knut Kristiansen – piano
Magne Thormodsæter – bass
Sigurd Steinkopf – trommer
Aksel ØvreåsRøed – saksofon

Pris:
Medlemmer og studenter kr. 130/Ordinær kr.180

Billetter selges ved inngangen fra kl.1300 - Dørene åpner 13:15 Smittevern hensyn medfører redusert antall billtetter.

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev