Lørdag 14. feb 2026 kl. 20:00

Kjetil Mulelid Trio

Stord Jazzklubb / Stord Hotell
Stord

Kjetil Mulelid Trio slepte bebutplata si «Not Nearly Enough to Buy a House» i 2017. Dei har sidan det markert seg som nokre av dei fremste jazzmusikarane I landet. Dei har spelt konsertar i store deler av Europa og også i andre verdsdeler. Trioen har gitt ut to lovpriste album til, «What You Thougt Was Home» (2019) og «Who Do You Love Most» (2022). Dei to albuma er blitt spelt mykje på straumetenester og har hausta strålande kritikkar verda over.

Dei tre medlemmene i trioen er spennande musikarar på den norske jazzhimmelen. Rune Neegaard på kontrabass og Andreas Winther på trommer har begge markert seg sterkt med band som Morgonrøde, Bushman´s Revenge, Frå det onde og Selma French. Pianist og komponist Kjetil Mulelid er kjend frå m.a. band som Wakø, og han har i det siste markert seg sterkt som solist med soloalbumet «Piano», som hausta lovord frå kritikarar langt ut over landegrensene.

Saman dannar dei tre ein klassisk akustisk pianotrio med fokus på Mulelid sine energiske og harmoniske komposisjonar, med vakre melodiar og komplekse rytmar, med veksling mellom ro og intenst samspel.

Presseomtalar:
Elitedivisjonen i moderne pianotriojazz – Dagens Næringsliv 
Vakker hele veien – Dagsavisen
Definisjonen på begrepet kvalitetstid – Morgenbladet

Kjetil Mulelid har vitja Stord Jazzklubb i 2024, då i duo med vokalisten Siril Malmedal Hauge. Velkommen tilbake!

Kjetil Mulelid – piano
Andreas Winther – trommer
Rune Nergaard – kontrabass

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev