Tirsdag 19. des 2023 kl. 17:00

Jubileumskonsert med Knut Reiersrud og Iver Kleive

Vossa Jazz / Vangskyrkja
Voss

Vossa Jazz feirar framleis sine 50 år, og 19.desember blir det jubileumskonsert med Knut Reiersrud og Iver Kleive i Vangskyrkja!

Det legendariske radarparet Iver Kleive (orgel) og Knut Reiersrud (gitarer og oud) treng knapt nokon nærare presentasjon. I snart 30 år har dei med jamleg spelt for fullsette kyrkjer og konsertlokale rundt om i Noreg. Med utgangspunkt i norske folketonar, salmar og eigne komposisjonar har Iver og Knut tilført ein ny dimensjon til tradisjonell kyrkjemusikk.

Mange hugsar deira utgiving «Blå Koral», «Himmelskip» og «Nåde over Nåde» som vakre bautaer over møtet mellom europeisk kyrkjemusikk og afroamerikansk rytmikk og tonekjensle. «Natt i desember» (KKV 2018) er juleversjonen: Meiningstunge, stemningsskapande versjonar av velkjende julesongar. På repertoaret står mellom anna «Kling no klokka», «Deilig er jorden», «Stille natt», «Jeg synger julekvad» og «Jeg er så glad hver julekveld». Den nyskrivne «Minne om en svunnen jul» av Iver Kleive og ein jiddisk folkemelodi med tittel «Desember i Praha» har óg fått plass.

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev