Lørdag 27. jan 2024 kl. 21:00

Jørgen Sandvik Permanent Vacation (Bluesfest)

Stord Jazzklubb / Stord Hotell
Kjøtteinsvegen Stord

Under Stord Jazzklubb si Blueshelg entrar Jørgen Sandvik Permanent Vacation scenen i Valhall (Stord Hotell) 27. januar kl. 21.00.

Mange veit at den allsidige musikaren, vokalist og gitarist Jørgen Sandvik, etter kvart er blitt stordabu, og som bandnamnet tilseier, er han sjef for denne kvartetten. Med seg har han Anders Bitustøyl, Jan Petter Myklestad og Nils Are Drønen. Bandet spelar heftig blues med godt rom for improvisasjon. Repertoaret består av Jørgen sine eigne låtar og klassikarar frå bl.a. John Mayall og forbildet Peter Green.

Jørgen Sandvik fekk Spellemannsprisen for sitt første soloalbum som kom ut i 2018! Albumet, med same tittel som bandnamnet, består av ei blanding av coverlåtar og sjølvskrive materiale, og det har hausta mange rosande ord frå musikkjournalistar landet rundt.
Jørgen er ein av dei mest rutinerte sceneartistane i landet. Han er ei viktig stemme i norsk blues! På avlutningskonserten denne blueshelga blir det servert blues med både trøkk og «feeling»!
I januar 2020, kort tid før pandemien la eit mørkt teppe over alle kulturaktivitetar, gjesta dette bluesbandet Stord Jazzklubb sin scene, den gong med tilhald på Grand Hotell. Konsertsalen var fullstappa og publikum var særs nøgde med det Jørgen og medmusikantane hans makta å formidla frå scenen!

Pris:

https://stordjazzklubb.ticketco.events/no/nb/m/e/stord_bluesfest_2024_dagspass__laurdag_27012024

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev