Lørdag 23. mar 2024 kl. 00:30

I.P.A.

Vossa Jazz / Park
Voss

“I.P.A. får jazzhistorien til å blomstre i møte med moderne teft.» – Arild. R. Andersen, Aftenposten

Med opne sinn, mykje energi, og sterke sjølvkomponerte melodiar, er bandet som alltid eit friskt pust i norsk jazz. I.P.A. samlar fem musikarar frå toppsjiktet i skandinavisk jazz, og har fått strålande kritikkar for sitt ekspressive og inspirerte samspel.

“Det siste tiåret har dette fjørale skandinaviske bandet nesten umerka vorte eit av verdas mest tilfredsstillande postbop-band, og på “Bashing Mushrooms” høyrest dei meir robuste og allsidige ut enn nokon gong.” – Peter Margasak, The Quietus

Saksofonist Atle Nymo har, med sitt mogne og energiske spel, prega norsk jazz i ei årrekke. Magnus Broo er ein av Sverige sine fremste trompetistar, i Noreg mest kjend frå bandet Atomic, kor han òg spelar saman med I.P.A. sin bassist Ingebrigt Håker Flaten, som er kjend for sitt kraftfulle spel i mellom anna The Thing og Close Erase. Mattias Ståhl på vibrafon fekk Sverige Radio sin Jazzkatten-pris i 2002 som nykommaren av året, og har sidan spelt saman med ei rekke av Europa sine beste musikarar. På trommer spelar Håkon Mjåset Johansen, som har etablert seg som ein av Noreg sine fremste musikarar innan jazz, og som allereie i 2001 fekk Spellemannprisen med Urban Connection for det sjølvtitulerte albumet deira.

Sidan kvintetten vart starta i 2008, har dei vore på turné saman fleire gonger. Dei har seks album under beltet, har spelt på klubbar og festivalar over store delar av denne vide verda, og skal heldigvis for oss no finna vegen til ein stad som er endå vidare – Voss.

Medverkande:

Atle Nymo – saksofon, bassklarinett
Magnus Broo – trompet
Mattias Ståhl – vibrafon
Ingebrigt Håker flaten – bass
Håkon Mjåset Johansen – trommer

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev