Duoen Svein Olav Herstad og Ole Jacob Hystad er eit prosjekt som er uforutsigbart i forhold til musikken sitt uttrykk.
Saman og kvar for seg har dei to jobba innan mange musikksjangrar og treng slik sett ikkje noko nærare presentasjon.
Duoen starta opp med stor suksess i ei iskald Moster gamle kyrkje før jul i 2018.
No presenterer dei både eigenskriven jazz (SOH) og standards på sin særeigne måte, med både stillferdige og kraftfulle uttrykk.
Ole Jacob Hystad -saksofon
Svein Olav Herstad- flygel
Stord jazzklubb i samarbeid med Stord Kulturhus