Lørdag 08. okt 2022 kl. 15:00

Horace Silver Tribute Band

Stord Jazzklubb / Stord Hotell
Kjøtteinsvegen Stord

Konserten er ein hyllest til ein av dei største personane i jazzen. Horace Silver Tribute Band framfører musikk laga av Horace Silver gjennom hans meir enn 50 år lange karriere som pianist, komponist, tekstforfattar og bandleiar. Musikken hans er influert av mange stilartar, som gospel, funk, afrikansk og latinamerikansk musikk, og sjølvsagt av ulike stilartar i ameriakansk jazz. Mange av melodiane hans er blitt del av jazzen sitt standardlåtrepertoar. Horace Silver sine komposisjonar treff folk i alle aldrar. Det er ekte jazz, men ein treng ikkje vera jazzfrelst for å lika denne musikken.
Wenche Bruun Lien og Jostein Bøyum syter for det lokale innslaget i sekstetten.
Bandet består av:
Bjarne Øymyr, piano
Geir Hallan, saksofon
Jostein Bøyum, trompet
Wenche Bruun Lien, vokal
Sigurd Ulveseth, bass
Frank Jakobsen, trommer

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev