Fredag 18. aug 2023 kl. 19:30

Hilde Marie Holsen – Trompet og live elektronikk

Jølster Jazzklubb / Vingarden på Jølst
Jølster

Hilde Marie Holsen frå Jølster har med trompet og elektronikk funne sin eigen veg i eit skjæringspunkt mellom jazz, drone- og samtidsmusikk. Gjennom lydprosessering av trompeten skapar Holsen eit elektronisk univers, som ho blandar med ein melankolsk tone frå trompeten. Slik lagar Holsen eit originalt lydlandskap, som kan opplevast både vart, skjørt og skakt, men også kraftig og dynamisk.
Holsen er aktuell med fleire album og dei har alle vekt mykje merksemd i både nasjonal og internasjoal musikkpresse.
OG – Konserten på Vingarden blir plateslepp av ny soloplate som kjem ut 18. august. Hilde Marie håpar så mange som mogleg vil ta turen og feire saman med henne.
Hilde Marie Holsen – trompet og elektronikk

https://jj.ticketco.events/no/nb/e/hilde_marie_holsen__trompet_og_live_elektronikk?fbclid=IwAR1GG2Rx_Ak_wRpQqFw1t1UHwJ5GjJHMLLPDOv6kQ3MEI0krCU1HWlHyXkQ

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev