TIGRAN HAMASYAN tangentar
ARVE HENRIKSEN trompet, røyst
JAN BANG live sampling
EIVIND AARSET gitar
Punktfestivalen har fostra eit samarbeid som no er klar for å erobra verda – første stopp er Sardinen. Allereie som toåring viste Tigran ei ekstraordinær interesse for musikk, og var meir opptatt av pianoet og bandspelaren enn av vanlege leikar. Då han var tre spelte han etter Led Zeppelin-låter og som sjuåring oppdaga han jazzen. Arve Henriksen er ein sann improvistaør med verdas vakraste trompettone som like gjerne responderer frå lyder i salen som medmusikarane, medan Eivind Aarset er ein veteran og innovatør på same tid, alltid i forkant av kva som er mogleg å uttrykka på ein gitar. I bakgrunnen – tilsynelatande diskret – står Jan Bang og haustar lydar for å senda det beste tilbake i miksen. I juni speler dei inn plate med Manfred Eicher på ECM.