Afro-balkan-bollywood med kremen av svensk jazz
GORAN KAJFES trompet PER «TEXAS» JOHANSSON saksofon, klarinett PER “RUSKTRÄSK” JOHANSSON saksofon, fløyte JESPER NORDENSTRÖM orgel JOHAN BERTHLING bass JOHAN HOLMEGARD trommer ROBERT ÖSTLUND gitar
For trompetisten Goran Kajfes er sjangerbåser noko som skjer andre. Han manøvrerer like elegant enten det er eigne prosjekt, i studio med Janet Jackson, Håkan Hellström og Stina Nordenstam, eller svett jazz med Oddjob. Etterkvart er han blitt eit kraftsenter som komponist, bandleiar og musikar i svensk musikkliv, og har skapt seg eit namn også i Noreg. Musikken er tøff og spenstig, det kokar av jazzgroove, balkan og afrikanske impulsar. Beats og melodisk trompet blir vevd saman med store lydlandskap og effekten er både fascinerande og hypnotiserande.
Dørene åpner kl 20:00
Konserten gjennomføres i samarbeid med Vestnorsk Jazzsenter.