Morgondagens jazzstjerner allereie i dag!
PEDER KOLSUNG piano ARNE TOIVO FJOSE SANDBERG bass PER ODDVAR JOHANSEN trommer
Studenter frå Griegakademiet i samspel med etablert musikar. I kveld møter to unge herrer frå jazzlinja ein av landets finaste musikarar. I ei årrekkje har Per Oddvar Johansen vore førstevalet når norske jazzband ser etter trommeslagar. Blandinga av personleg signatur, suveren teknikk og enorm evne til å lytte til medmusikantar skapar ein kombinasjon som løftar alt han er med på. Per Oddvar Johansen har spelt på over 80 album, mellom anna i tett samarbeid med Helge Lien, Christian Wallumrød, Trygve Seim, Mats Eilertsen og mange fleire.
GIG-akademiet er et samarbeid mellom Vestnorsk Jazzsenter og Griegakademiet hvor du kan høre dagens stjerner spille sammen med morgendagens stjerner, og det er endatil helt gratis.