Fredag 03. apr 2020 kl. 23:30

Gard Nilssen Acoustic Unity

Vossa Jazz / Park
Voss

Sommaren 2019 vart ein skikkeleg tour de force for den travle supertrommisen Gard Nilssen, kjend frå band som Bushman’s Revenge, Cortex, Team Hegdal, Susanne Sundfør, Spacemonkey og Zanussi 5.

Som Artist In Residence for Moldefestivalen gjorde han reint bord med høgt energinivå og eit imponerande tal konsertar med ulike konstellasjonar. Etter festivalen kom to av banda hans ut med fantastiske plater: Bushman’s Revenge og Gard Nilssen Acoustic Unity.

To Whom Who Buys A Record var tittelen på plata til den sistnemnde trioen – eit stikk til lettvinte straumetjenestar og nedgangstidene i platebransjen. Dei som framleis eig ein cd- eller vinylspelar burde verkeleg sikre seg dette albumet. Det er leiken, heilstøypt og halsbrekkande (bokstaveleg talt: sjå video under!) akustisk triojazz, med frisk smak av 60-tal og hardbop. Det som verkeleg gjer inntrykk er kor tilbakelent og uanstrengt trioen får det heile til å høyrast ut, trass all energien og det teknisk svært høge nivået.

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev