Det er kun to ting du kan vite sikkert når du går på konsert med Gabriels Novogorod: at du ikkje er heilt sikker på kva som kjem, og at det blir bra!
Du kan slumpe til å få høyre hardtsvingande finsk humppa, jiddisk tango, lengselsfull vals, nordsvensk swing (med kossakktrinn) eller lærerike songar på tysk av Bertold Brecht/Kurt Weill. Dette er populærmusikk frå Østersjøområdet frå 1930-, 40-, 50- og -60-tallet.
Forresten så er det nokre fleire ting du kan vera trygg på: I Gamlekinoen vert det på denne dagkonserten temperament, innleving, kraftfull firstemt song og vanskeleg å sitte stille.
Gabriel Fliflet – trekkspel, vokal
David Vogt – fele, vokal
Jørgen Sandvik – gitar, vokal
Kristoffer Vogt – kontrabass, vokal
Foto: Andreas Fliflet.