Lørdag 22. feb 2020 kl. 20:00

Espen Eriksen Trio med Andy Sheppard

Stord Jazzklubb / Grand Hotel
Stord

Espen Eriksen Trio med Andy Sheppard

Laurdag 22. februar kjem den britiske stjernesaksofonisten Andy Sheppard til Stord for å spela saman med Espen Eriksen Trio. Trioen er rekna som ein av dei beste innanfor melodisk jazz, og er spesielt kjende for sine vakre, lyriske komposisjonar og stemningar. Dei har turnert verda rungt og dei fire albuma, utgjevne på plateselskapet Rune Grammofon, har fått strålande kritikkar.
På den siste plata, Perfectly Unhappy frå 2018 tok bandet steget ut av trioformatet saman med den kjende britiske saksofonisten, Andy Sheppard. Han har m.a. spelt saman med kjende namn som Gil Evans, Carla Bley og George Russell. Med si unike saksofoniststemme i solopartier, framhevar Sheppard dei vakre melodiane til Espen Eriksen på ein framifrå måte.

Espen Eriksen – piano
Lars Tormod Jenset – bass
Andreas Bye – trommer
Andy Sheppard – saksofon

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev