Fredag 03. feb 2012 kl. 21:00

Erlend Apneseth og Heyra med gjesteartist Frøydis Grorud

Jølster Jazzklubb /
Jølster

Erlend Apneseth og Heyra- gjesteartist: Frøydis Grorud

Heyra (HC Dalgaard, gitar/perk., Sigmund Vik, bass) er ein bergensbasert duo som for tida samarbeider med folkemusikaren Erlend Apneseth (hardingfele). Dei tek utgangspunkt i den nordiske og austeuropeiske folkemusikken og leverar konsertar med alt frå eggjande hallingar til balkanske rytmar, nykomponert verdsmusikk og dei opne, uventa pusteromma der improvisasjonen står i fokus. Dei har spelt for fulle hus i Bergen og gledar seg no til å spele på Jølst! Med seg som gjesteartist på denne konserten har dei også Frøydis Grorud, kjent frå blant anna Beat for beat. Dette blir ein konsert for alle som er glade i gode livekonsertar, og vi lovar ein triveleg kveld med god stemning i låven på Jølstramuseet.
Pris:

200/150

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev