Søndag 23. feb 2014 kl. 14:00

Eplejazz: Ole Marius Sandberg – Or Better Still

Kabuso / Kabuso
Øystese

Sundag 23. februar kl 14 er det klart for jazz og kaféliv i Kabuso. Denne gongen står melodiøs, moderne jazz med klare lyriske trekk og ei sterk rytmisk forankring på menyen. 

Ole Marius Sandberg – kontrabass
Eirik Hegdal – saksofonar
Erlend Slettevoll – piano
Stein Inge Brækhus – trommer

Etter å ha turnert land og strand rundt med folkekjære artistar og kvalitetsbevisste jazzmusikarar, gav den bergensbaserte bassisten Ole Marius Sandberg i vår ut sitt første album i eige namn – «Or better still«.
Utgjevinga vart feira med sleppekonsert på Nattjazz, ein konsert som vart svært godt mottatt. I følge Dagsavisen sin anmeldar, Roald Helgheim, er utgjevinga prega av «gode låtar, framifrå arrangement og eit ensemble av sterke solistar i musikalsk samforstand.»

Dette er ei svært god skildring og Kabuso ser fram til å tilby dette stjernelaget!

Les og lytt: www.olemarius.com 
Musikk ligg også på Spotify, Wimp og YouTube

I samarbeid med Den musikalske stamvegen/Vestnorsk jazzsenter

Images

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev