Europeiske improvisatørar i verdsklasse
OLE MORTEN VÅGAN kontrabass FREDRIK LJUNGKVIST saksofon RUDI MAHALL klarinett, saksofon AXEL DÖRNER trompet JON FÄLT trommer
Gjestar: PAT THOMAS piano, KJETIL MØSTER saksofon
Ole Morten Vågan mottok DnB NOR-prisen under Kongsberg Jazzfestival i 2009, og fekk høve til å setje saman gruppa Köenigsberg mynta på same festival året etter. Han valde seg fire av de mest interessante improvisatørene i europeisk jazz, og prosjektet blei så vellukka at Köenigsberg fort la ut på skandinaviaturné. I 2011 var Nattjazz godt i gong då Köenigsberg brått skifta namn til The Deciders innan dei stod på scena, og monge hugsar konserten som ei akustisk improvisasjonshappenning av det framifrå slaget som det framleis går gjetord om. Som bonus har dei med seg frifanten Pat Thomas, som mellom anna har jobba med Derek Bailey og Evan Parker, og vår eigen Kjetil Møster frå Datarock.
Dørene åpner kl 20:00, konsertstart kl 21:00
Konserten gjennomføres i samarbeid med Vestnorsk Jazzsenter.