Camilla Hole Trio er ute med nytt album, og denne gongen er trioen, som består av Camilla Hole, Egil Kalman og Knut Kvifte Nesheim, blitt utvida med den ettertrakta folkemusikaren og soloartisten Sigrid Moldestad, samt den eksperimentelle jazzgitaristen Torstein Slåen. Prosjektet og albumet «Eventyrferd» blei til som bestillingsverk til festivalen «Pederhusveka» 2022 og har fått anmeldelsar som:
«Camilla Hole Trio i perfekt match med Torstein Slåen og Sigrid Moldestad – ei plate som skil seg ut i platebunken.»
Torkjell Hovland, Ballade
«They make Eventyrferd an imaginative and enjoyable album, which will reveal something new with each listen.»
Mike Adcock, RootsWorld
Eventyrferd er gamle slåttar og folkemelodiar frå bygda Breim, funne i ulike arkiv og bøker. Kvar slått har fått eit musikalsk eventyr eller bilete som blir formidla gjennom fantasifulle arrangement og openheit for leik og improvisasjon. Kvar enkelt musikar fargar desse bileta og melodiane med sin eigen kreativitet som resulterer i eit prosjekt som ikkje liknar på noko anna enn seg sjølv. Låtane beskriv alt frå «Den dagen han vart bortført av UFO» til «Geitekillingane som bygger heile verda i Duplo». Musikken vekslar mellom å vere energisk og vill, til å vere drøymande og mystisk – slik som ei ekte eventyrferd skal vere.
Camilla Hole – saxofon og div. blåseinstrument
Knut Kvifte Nesheim – trommer og vibrafon
Egil Kalman – kontrabass og modulær synth
Sigrid Moldestad – feler og vokal
Torstein Slåen – gitar og banjo
www.camillahole.no/eventyrferd
Er du rullestolbruker? Send en e-post til post (at) sobrascene.no og fortell hvor du vil sitte, så reserverer vi plasser til deg og dine.