Dei tre musikarane ynskjer å utfordra seg sjølve og publikum med musikalsk energi og framdrift. Inspirasjonen frå den amerikanske jazztradisjonen er tydeleg i både komposisjonar og utforskande improvisasjonar. Etter ti års pause med ymse prosjekt kvar for seg, så feira BWM seg sjølv i 2012 med utgjevinga ”Jazz….Øh!”, som hausta strålande kritikkar. ”De er solid samkjørte og svinger rått”, uttalte NRK. ”Med dette albumet har BWM Trio verkeleg sett ein standard å byggje vidare på”, stod det å lesa i Dagsavisen. ”Plata er rett og slett blitt en av årets store overraskelser, her hjemme som internasjonalt,” konstaterte Jazznytt. Ikkje dårlege vitnemål å ha i kofferten!
Lørdag 23. mar 2013 kl. 16:00
BWM
Vossa Jazz / Osasalen
Voss
