Lørdag 28. mar 2026 kl. 16:00

BRIOTRIO

Vossa Jazz / Pianobaren, Park hotell
Voss

Briotrio er som namnet hintar om ein leiken jazztrio som kjem til å spela tilnærma akustisk i pianobaren på Park Hotell. Det er duka for ei nær og intim konsertoppleving når dei tek oss med inn i den folkelege moderne jazzen i skjæringspunktet mellom amerikansk swing, nordiske jazztradisjonar og afrikansk inspirasjon. Musikken har eit akustisk sound, eit lyttande samspel og svingande groove. Trioen har som motto å leike med kvarandre sine låtar, og i leiken kjem kvar enkelt si musikalske stemme til uttrykk.

Musikken kombinerer eit uttrykk prega av kreativitet med eit ynskje om å vere folkenært og lettfatteleg. Med fengande melodiar, og eit telepatisk samspel skapar dei ei nær konsertoppleving for kvar enkelt i publikum.

Trioen starta opp i 2015 i Bergen, og har halde på sidan. Dei har sluppe to album på AMP Music & Records, og slapp si seinaste plate “Voyage” på Losen Records 30. mai 2025. Musikarane har utdanning frå universitet i Noreg, Sverige og Sør-Afrika. Denne konserten er open for alle, men det er lurt å skaffa seg plassbillett.

«Satisfying and packed full of texture and incident, its quite the journey» – KW, Jazzwise

Ingrid Øygard Steinkopf – piano
Thomas Aurlund Lossius – kontrabass
Arne Skorpe Sjøen – Trommer, Vokal

Foto: Vegard M. Bye

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev