Søndag 29. mar 2026 kl. 18:00

Bjørn Tomren

Vossa Jazz / Park, Vossasalen
Voss

Hausten 2021 imponerte Bjørn Tomren heile Noreg som den mest særmerkte artisten i NRK-serien Stjernekamp. Med sitt unike uttrykk og eineståande formidlingsevne vart Tomren på kort tid folkeeige, og vart omtalt som den kulaste artisten i programmet nokon sinne.

Suksessen vart følgd opp med ein utseld turne som enda med tre fullstappa konsertar i Oslo Konserthus. Artisten, låtskrivaren og komikaren er også kjend frå indie-jodle- og trekkspelduoen Polkabjørn & Kleine Heine som mellom anna har varma opp for a-ha, og blitt stjerner i ein dokumentarfilm om seg sjølv.

I 2019 ga Bjørn ut sitt første album «Bad Science Fiction» – ei plate Tomren sjølv kalla dystopisk sci-fi country – til overveldande kritikk frå ei samla presse.Som ein av landets mest allsidige musikarar har Tomren ei enorm spennvidde: frå americana, religiøse folketonar, jazz og viser, til jodling strupesong, dialekt-punk og psykedelisk protest-musikk.

«Bjørn Tomren er ikke bare en gudbenådet musiker med fantastisk stemme. Han kan også sykle på ett hjul». – Erlend Loe

Bjørn Tomren – vokal
Edvard Mjanger – bass
Hans-Olav Molde – trommer
Einar Sogstad – tangentar

Foto: Marthe Amanda Vannebo

Pris:
590

Denne konserten får du med deg dersom du har enkeltbillett til konserten, festivalpass eller dagspass sundag. Om du har pass, vurder å sikre deg med plassbillett (25 kr).

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev