Fredag 26. jan 2024 kl. 20:00

Bjørn Berge Solo ( Bluesfest)

Stord Jazzklubb / Stord Hotell
Kjøtteinsvegen Stord

Siste helga i januar vil jazzklubben konvertera til bluesklubb. Stord Jazzklubb prøver å gjenta suksessen med ei BLUESHELG siste helllddga i januar, og klubben meiner dei har gjort gode val av band her. Det vil bli servert ein kvalitetsmeny med stor variasjon innan tradisjonell tolvtaktarsblues og av smaksprøvar frå resten av den etter kvart så mangslungne og utvida bluessjangeren.

Først ute fredag 26. januar kl. 20.00, er velkjende Bjørn Berge, som elskar å eiga scenen åleine. Ein ville trengja minst ei heilside om ein skulle ønskja å gi denne artisten, ein velslipt musikalsk diamant, ein fullverdig omtale.

Gjennom fleire tiår, både i inn- og utland, har Bjørn Berge imponert med si originale røyst og med sitt grensesprengjande gitarspel. Han har, meir enn dei fleste bluesartistar, makta å gi bluesen nye og originale kvalitetsuttrykk som vil vera slitesterke i lang tid. Kor han enn kjem, haustar han berre lovord og ovasjonar frå publikum.

Det er berre eit par år sidan Bjørn Berge vitja Stord Jazzklubb. Den kvelden blei fylt med vellyd og heftige bluesrytmar. I tillegg makta Berge å halda sitt publikum i fast grep med sin originale form for både humor- og humørfylte «small talk» frå scenekanten.

Kom og lytt, kom og nyt! – er oppfordringa frå styret i den lokale jazzklubben.

Pris:

https://stordjazzklubb.ticketco.events/no/nb/m/e/stord_bluesfest_2024

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev