Søndag 24. mar 2024 kl. 18:00

Bergen Big Band med Shannon Mowday – «Colourful Houses»

Vossa Jazz / Gamlekinoen
Voss

Shannon Mowday er eit fyrverkeri av ein musikar, og vil saman med det alltid vitale Bergen Big Band stå for ei kraftsalve utan like. Mowday sitt verk for BBB har fått tittelen “Colourful Houses”, og trekk trådar frå dei fargerike husa på Bryggen i Bergen, til det minst like fargesprakande området Bo-Kaap i Cape Town, der ho sjølv vaks opp. Begge stadane har vore viktige handelshamner, kor både musikken og kulturen har vorte forma av dei mange inntrykka og innflytelsane handelskulturen har ført med seg.

Sørafrikanske Mowday er inspirert av musikarane som vart verande i landet under apartheid. Den sørafrikanske jazzen, særleg Cape-jazzen frå Bo-Kaap-området, foreinar eit mangfald av musikk og kulturar, med innflytelsar frå Europa, Islam og urfolket Khoisan. Mowday vaks opp i denne smeltedigelen, og ber med seg det pulserande hjartet frå musikken ho vaks opp med, når ho skaper sin eigen musikk. I 2023 fekk Mowday Ungjazzprisen for å ha leia Akershus og Oslo Ungdomsjazzorkester (AOJO), og når ho spelar med Bergen Big Band på Vossa Jazz ser me fram til ei oppvising i innleving og kraft.

Bergen Big Band er ein pådrivar for nyskapande musikk, og har teke iniativ til ei rekke nykomponerte verk dei siste 30 åra. Dei har framført tingingsverk på både Vossa Jazz og Nattjazz, med mellom andre Lars Jansson, Knut Kristiansen, Andy Sheppard og Marius Neset.

Til Vossa Jazz har Mowday med seg perkusjonist Sidiki Camara og trombonist Jørgen Bjelkerud, som begge har samarbeidd med Mowday tidlegare, og som er klare for å vera med på å løfta “Colourful Houses” til nye høgder!

Medverkande

Shannon Mowday – altsax, barytonsaksofon, kontraaltklarinett

Trompet:
Hans Marius Andersen
Svein Henrik Giske
Are Ovesen
Børge Styve

Trombone:
Håvard Sannes
Jørgen Bjelkerud
Pål Roseth
Tore Bryne Berg

Sax:
Michael Barnes
Heidi Kvelvane
Elisabeth Lid Trøen
Morten Norheim
Thomas Nøkling

Komp:
Øyvind Skarbø – trommer
Toivo Fjose – bass
Dag Arnesen – piano
Ole Andre Farstad – gitar
Ivar Kolve – vibrafon
Sidiki Camara – ngoni, balafon, djembe, afrikans perkusjon

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev