Lørdag 23. nov 2019 kl. 18:00

Bergen Big Band & Dag Arnesen

Stord Jazzklubb / Grand Hotell
Stord

Laurdag 23. november fyller Bergen Big Band med Dag Arnesen scenen i Stord Kulturhus. For nokre år sidan opplevde Bergen sin eigen Bill Evans, Dag Arnesen, noko som svært få jazzmusikarar er forunnt: Å bli folkekjær, ja nærast allemannseige, med platene i Norwegian Song-serien. Publikum vil kunna oppleva denne musikken, inspirert av Edvard Grieg, framført av Dag Arnesen ved flygelet i samspel med eit storband av internasjonalt format. Ein vil kunna kjenna att fleire stordabuar i bandrekkjene.

Bergensaren Dag Arnesen, som har komponert musikken og arrangert den for storband, har sjølv uttalt: «Da jeg begynte på prosjektet mitt «Norwegian Song» i 2006, var det med et ønske om å søke inspirasjon i norsk musikk. Jeg har vært dypt involvert i amerikansk jazz i nærmest hele mitt musikalske liv, og nå ville jeg prøve å skape en symbiose av det norske og det amerikanske. Det har vært en svært verdifull reise. Det er inspirerende å kunne arbeide med musikk av Edvard Grieg, han også fra Bergen.»

For to år sidan kunne Bergen Big Band feira 25 år, og Dag Arnesen har vore medlem i mange av desse åra. Ved å utvikla eit eineståande teamwork, har eit vidt spekter av prosjekt blitt til og framført på ein framifrå måte. Internasjonalt kjende storbandleiarar har blitt engasjerte for å kunna finna stadig nye vegar inn i jazzregnbogen.

Bergen Big Band har gong på gong makta å fylla konsertsalar både her heime og ute i Europa.
Konserten blir arrangert av Stord Jazzklubb i samarbeid med Vestnorsk Jazzsenter.

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev