Benedicte Maurseth – hardingfele
Morten Qvenild – piano, elektronikk
Mats Eilertsen – kontrabass, el-bass
Håkon Mørch Stene – melodisk og rytmisk slagverk, elektronikk
Me er svært glade for at Benedicte Maurseth kjem til Vossa Jazz 2026 med sitt nyaste album Mirra.
Mirra er oppfylgjaren til Hárr (2022) som vart tildelt Nordic Music Prize og vart kåra til eit av årets 10 beste folkemusikkalbum i verda i The Guardian. Også Mirra har fått strålande meldingar i inn og utland. For å sitere ein av dei: Mektig er kanskje ikke et stort nok ord for Benedicte Maurseths «Mirra». – Ando Woltmann, Morgenbladet.
Dette seier Maurseth sjølv om albumet:
«Med verket Mirra får publikum vera med på årsyklusen til villreinen. Frå graving i snøen om vinteren, til kalving om våren, ekstasen deira over å finna friske bjørkeskot og sopp på sommarbeitet, jaktsesongen, og til dess snøen atter legg seg over landskapet, og flokken delar seg og graver vidare gjennom ein ny vinter. Villreinens distinkte grynte- og klikkelydar er tidvis solistar i komposisjonane, samt deira åtferd, alt dikta med utgangspunkt i folkemusikkens suggererande repetisjonar, inspirert av minimalisme, krautrock og fri improvisert musikk. Og framfor alt er han dikta med utgangspunkt i dette eineståande dyret, som har vore ein del av vår naturmangfald i tusenvis av år. Eit dyr som no også er raudlista, fyrst og fremst grunna oss menneska og våre krav på naturen kring oss».
Konserten er ein del av turnéordninga til Vestnorsk jazzsenter «Den musikalske stamvegen».
Med seg har ho tre fantastiske musikarar frå det norske jazz-feltet.