Lørdag 07. feb 2026 kl. 03:00

Baker Hansen | Sykkylven Kino og Kulturhus

/ Sykkylven Kulturhus
Sykkylven

Chet Baker si stemme og trompet definerte cooljazzen.
Men korleis let forteljingane hans på vårt eige morsmål?
Baker Hansen har sidan 2010 leita etter svaret på dette i språk og samspel, basert på musikken som Chet Baker spelte. Jazzklassikarane er tidlause og velkjente, men teksten er omarbeidd til norsk og framført på dialekt av vokalist Sigurd Rotvik Tunestveit frå Ål i Hallingdal. På «eige mål» kjem musikken og innhaldet brått nærare på oss, som publikum på godt over 200 konserter i Noreg og Sverige kan fortelje om. Baker Hansen har gjeve ut fire album med Chet på norsk, «Ei som deg» (2014), «Gamle Daga» (2016), «Live i Oslo med John Pål Inderberg» (2019) og «Ein song som liknar oss» (2024).

Kombinasjonen av kjente melodiar i norsk språkdrakt, konsertar fulle av kollektivt liv og leik i eit velspelande ensemble fører til øyreopnande opplevingar langt utover den hardbarka jazz-lyttarkrinsen, og me har nådd ut til begeistra publikum over heile landet frå intime kafear til konserthus og store festivalar gjennom utstrakt turnéverksemd.

Sigurd R. Tunestveit – vokal og gjendikting
Erling Skorpen – trompet
Kjetil Jerve – piano
Stian Andersen – bass
Tore Flatjord – trommer

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev