Torsdag 07. feb 2019 kl. 20:00

Baker Hansen m/Jon Pål Inderberg

Storyville Jazz Club / Storyville
Molde

Korleis kan ein lytte med nye øyre på nokre av dei mest kjente klassikarane frå jazzlitteraturen? Og korleis tolke ein gigant som Chet Baker i ny, norsk kontekst?

Baker Hansen har sidan 2010 laga sine eigne musikalske forteljingar, baserte på musikken som Chet Baker spelte. Historiane er tidlause og velkjente, men teksten er omarbeidd til norsk og framført på dialekt av vokalist Sigurd Rotvik Tunestveit frå Ål i Hallingdal. På vårt eige mål kjem musikken og innhaldet brått nærare på oss – og konsertane vert ei øyreopnande oppleving som publikum på godt over 150 konsertar i Noreg og Sverige kan fortelje om.

Baker Hansen har gjeve ut to album med Chet på norsk; Ei som deg (2014) og Gamle Daga (2016). Tredjeplata kjem i 2019.

Besetning:
Sigurd Rotvik Tunestveit – vokal og gjendiktingar
Thomas Husmo Litleskare – trompet, vokal
Tore Flatjord – trommer
Kjetil Jerve – piano
Stian Andreas Egeland Andersen – kontrabass
Gjest: Jon Pål Inderberg (barytonsax)

Dette sier pressen:
«Ein sikker scenesuksess» Roald Helgheim, Dagsavisen
«Har hele den vakre, melodiske, melankolske og sarte tradisjonen etter legenden Chet Baker inne» Tor Hammerø, Side2

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev