Torsdag 18. sep 2025 kl. 20:00

Baker Hansen

Kullebunden Jazz / Kolben Kulturhus
Kolbotn

Chet Baker si stemme og trompet definerte cooljazzen, men korleis let forteljingane hans på vårt eige morsmål? Baker Hansen leiter etter svaret på dette i språk og samspel, basert på musikken som Chet Baker spelte.
Jazzklassikarane er tidlause og velkjente, men teksten er gjendikta og historiane omarbeidd til vårt eige mål i vår eiga tid, framført på dialekt av vokalist Sigurd Rotvik Tunestveit frå Ål i Hallingdal. Når språket er vårt eige, får musikken høve til å komme nærare på lyttaren – og livet og leiken i det velspelande jazzensemble lyfter fram kvifor denne musikken har ein særstilling i mange jazz-hjerter.
Det nyaste albumet Ein song som liknar oss kom i september 2024. Her har klassikarar som “Autumn Leaves” blitt til “Haustlauv” (med tekst av Sylfest Lomheim), “The Night We Called It A Day” har blitt til “Midnattsol” og “Do It The Hard Way” har fått ny tittel “På vranga”.
Baker Hansen har frå før gjeve ut tre album, Ei som deg (2014), Gamle Daga (2016) og Live i Oslo med John Pål Inderberg (2019), og turnert landet rundt på fl eire hundre konsertar sidan 2010.

Baker Hansen:

Sigurd Rotvik Tunestveit song og gjendiktingar

Erling Skorpen trompet

Tore Flatjord trommer

Kjetil Jerve piano

Stian Andreas Egeland Andersen kontrabass

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev