Lørdag 13. apr 2019 kl. 21:30

AURORA

Vossa Jazz / Park, Vossasalen
Voss

Det er heilt utruleg kva den fargerike 22-åringen frå Lysefjorden har oppnådd dei siste åra. Debutalbumet All My Demons Greeting Me As A Friend (2016) har over 200 millioner streams og er selt i over ein halv million eksemplar. Med hits som Running with the Wolves, Runaway, Forgotten Love, og Queendom har ho opparbeidd seg ein stor internasjonal fanskare, som ho har opptredd for på nokre av verdas største festivalar og konsertscener. Fleire Spellemannsprisar, eigen dokumentarfilm og Nobels Fredspris-konsert skal òg nemnast.

I haust kom andreplata Infections Of A Different Kind – Step 1, som viste ein endå modnare og modigare artist, med tydeleg retning i kombinasjon med høgt utvikla kunstnarleg sensibilitet. Låtane femner både det politiske og det personlege gjennom tema som tragisk kjærleik, død, natur og handlekraft:

« – Det handler om de mange, mange sidene ved det å være menneske. Om hvordan vi sårer og elsker. Det handler om å først være en kriger for deg selv slik at du kan bli en kriger for de som ikke enda har blitt det», seier AURORA sjølv om plata.

AURORA er ein unik live-artist, med eit gripande nærvær og kjenslevar framferd på scena, og eit framifrå band i ryggen. Me gler oss stort til konserten på Vossa Jazz 2019!

Aurora Aksnes – vokal
Vetle Junker – tangentar
Magnus Skylstad – kor, trommer
Silja Sol Dyngeland – kor, bassynth
Fredrik Vogsborg – kor, bassgitar

Silje Grimstad – lysdesign
Paul Inge Vikingstad – lyd
Brynjar Vik – scenelyd

Konserten inngår i billetten Huskort laurdag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten. 18 års aldersgrense.

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev