Lørdag 28. jan 2023 kl. 19:00

Atle Hansen og Bømlablues ( Stord Bluesfest)

Stord Jazzklubb / Stord Hotell
Kjøtteinsvegen Stord

Mange kjenner Atle Hansen som forfattar og visesongar, og tidlegare profilert journalist i Sunnhordland, men det var med blues det heile starta.
Atle Hansen har vore vokalist i Husnes Blueslag nokre år og på nittitalet var han primus motor i Bakeriet Bluesband saman med Ole Jacob og Finn, Egil Torp og ei rad yngre musikarar som i dag høyrer til kremen av jazz- og rock-musikarar i landet.
BØMLABLUES er bygd på Atle Hansen sin kjærleik til gammal blues og soul og er ei samling songar til dels basert på kjende låtar, og dels inspirert av songar han har høyrt på. Alt framført med Atle Hansen sine nye tekstar på sunnhordlandsdialekt/bømladialekt og med forteljingar om hakka galne bømla damer (Honky Tonk Woman), Mazda Salli (Mustang Sally) og menn som, slik det skal vera i blues, både er einsame, drikk for mykje og endar i senga til damer dei ikkje burde gått til sengs med, og konsekvensane det får når dei kjem heim til kona.
BØMLABLUES er også eit band med musikarar frå Bømlo. Rubbaren Rolf Martin Haldorsen spelar gitar, slik han også gjer i Tubesnakes m.a., Frode Kvandal spelar bass slik han har gjort med ei mengd band og musikarar og bak trommer og symbalar sit Hans-Olav Molde, som me sist såg på NRK-konsert saman med Bjørn Tomren og KORK. Og slik det skal vera i denne sjangeren er det også med ein kvinne-trio med eige namn, MaMaK, MArte Belsvik Hansen, som også er solist på eit par songar, MArit Skeie og Kristine Olsen. Dei er ikkje reinhekla bømlingar, men har alle sterke band til menn med bømlablod i årene.

Atle Hansen – gitar –vokal
Rolf Martin Haldoesen- gitar
Frode Kvandal – bass
Hans Olav Molde- trommer og cymbalar.

MaMaK – koring.- vokal
Marte Belsvik Hansen, Marit Skeie og Kristine Olsen

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev