Lørdag 16. jan 2021 kl. 15:30

AVLYST Arnesen/Ulveseth Duo

Stord Jazzklubb / Stord Hotell
Kjøtteinsvegen Stord

Arnesen/Ulveseth Duo opnar jazzåret 2021

Stord Jazzklubb startar året i nye lokaler på Stord Hotell, og kan invitera jazzinteresserte til ein ettermiddagskonsert med Arnesen/Ulveseth Duo i Bar59 i 1. etasje. Hotellet har nyleg kjøpt inn eit flunkande nytt piano, som den eminente pianisten, Dag Arnesen, får høve til å innvia. Han har med seg den ikkje mindre kjende og etterspurde kontrabassisten Sigurd Ulveseth frå Bergen.
Alt ligg dermed til rette for ei musikalsk ettermiddagsstund der dei to musikarane vil spela ei blanding av folketonar, Arnesen sin orginalmusikk og standardlåtar. På grunn av koronarestriksjonar kan ein berre ta inn 50 personar, så det er lurt å sikra seg billettar på førehand.
Med nye lokaliteter på Stord Hotell får ein no høve til å nyta ein jazzlunsj i god tid før konserten startar.

Dag Arnesen – piano
Sigurd Ulveseth – kontrabass

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev