Fredag 21. nov 2025 kl. 20:00

Andreas Rotevatn

/ Kampen Bistro
Oslo

Konsert med musikken frå albumet «Av daude gror».

Andreas Rotevatn – trombone, tangentar & vokal
Ragnhild Moan – vokal
Sander Nordahl – gitar
Nikolai Hængsle – bass
Elias Tafjord – trommer

Dørene opnar 20
Konsertstart 21

«Tenk at musikk kan være så leken og innfallsrik, så energisk, drivende og kødden, så smart og så dum! Musikken er pop, men ikke popete. Det er jazzete, men ikke jazz. Men hvem bryr seg egentlig om slike kategorier? Andreas Rotevatn er rett og slett grisebra musikk! Terningkast 6”
– J. R. Bertelsen i Bergens Tidende, nov 2024

Albumet «Av daude gror” kom ut i 2024, og markerte starten på solokarriera til Rotevatn. Sidan det har bandet spelt konsertar på mellom anna Moldejazz, Bergtatt-festivalen, Malakoff og Sommarljom.

Andreas Rotevatn (f.1989) er fødd og oppvaksen på Nordfjordeid. Han bur no i Oslo, og har ei solid karriere bak seg som musikar og komponist. Mellom anna vart han spellemannsnominert i 2020. Tidlegare har Rotevan hatt ein variert musikalsk diett, og han har samarbeida med artistar som Cezinando, Jaga Jazzist, Ytre Suløens Jass-Ensemble & OJKOS. I soloprosjektet hans kulminérar den varierte bakgrunnen, i ei salig blanding av musikalske retningar. Men musikken høyrast likevel umiskjenneleg ut som Rotevatn – alltid med rytmefoten engasjert, og hjartet utpå brystet.

www.andreasrotevatn.no

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev