DAG TO!
1982 & KRISTIN BOLSTAD
Kristin Bolstad – lydbearbeiding
Nils Økland – hardingfeler, fiolin
Sigbjørn Apeland – trøorgel
Øyvind Skarbø
Basert på Bolstad sitt bestillingsverk for Notam i 2014, der 1982 si lydverd vert bearbeidd og forsterka på elektroakustisk vis av komponist og utøvar Kristin Bolstad.
LUMEN DRONES
Nils Økland – feler
Per Steinar Lie – gitarar
Ørjan Haaland – trommer
Lumen Drones er rockealibiet til Nils Økland, der han i trespann med Per Steinar og Ørjan frå postrock/indie-bandet Low Frequency In Stereo skrur volumet langt høgare enn vanleg. Debut-albumet kom på ECM i 2014, og viste at selskapet stadig kan overraske med spennande musikk med skarpare kantar enn vi er vant med.
Dørene opnar 19.00
Konsertstart 19.30
1982-festivalen er trioen 1982 sitt bidrag til mangfald. I dagane 27-30 august inviterer bandet nye og gamle gjestar til samspel. Kunstnar Elisabeth Færøy Lund presenterer ei heilt spesiell fotoutstilling; Lund har fotografert dei ikoniske platecovera på samtlige av bandets fire utgjevingar. I samarbeid med Griegakademiet vert det masterclass med Fredrik Ljungkvist.
Det er lett servering av mat og drikke på alle konsertar.
1982-festivalen er støtta av Norsk kulturråd og Norsk jazzforum.