Vossa Jazz - fredag 12. april 2019

Vossa Jazz 2019 er i gang

Det er sunt å danse inni og utanpå. Til synthar frå Mali, bukkehornslåttar, romfartsorgel og svenske brøl.

«Jazz er pinnsvinene i hagen som sloss mot den fjernstyrte gressklipperen” – Lars Saabye Christensen under opninga av Vossa Jazz 2019. Der har du det. Vi slost mot den fjernstyrte grasklipparen.

Det er høgtid over opninga. Bunad. Den tradisjonelle fanfaren «Heime på steinane» frå Jørund Indrehus på synth og Jørn Styve på lur. Og så han som ropar “yes!” rett etter fanfaren, kvart år. Trur det står i notane.

Saabye og Keita – der har du kombo. Å opne Vossa Jazz med Salif Keita er kanskje ikkje det mest openberre. I fjor var det litt meir openberre Arild Andersen. Men så får du høyre om Keita sin legendariske konsert i 1993. Salif Keita er ein del av Vossa Jazz-historien. Stemma hans slår inn i meg gjennom eit syltight band. Det kjennest umiddelbart rart å sitte på denne konserten. Keita er 70 år no, og påstår det blir siste gongen han er i Voss. Han ber salen om å danse med han, men dansing mellom stolradene er søren ikkje det same – dette burde vere ein ståplass-konsert. Men sjekk videoen på Vossa Jazz si facebook-side – det tok, ein slags, heilt av.


Salif Keita (foto: Vossa Jazz / Camilla Louadah Hermansen)

Karl Seglem er så Vossa Jazz du kan få det. Han har stått i det og reindyrka folkemusikkjazzen. Ikkje vore ein jazzar som leikar med folkemusikk eller ein folkemusikar som leikar med jazz. Han har heile tida stått med ein fot i kvar verd. Nunatak er oppfølgaren til Vossa Jazz-tinginga Som Spor.

Men eg opplever det litt tamt i starten – er det lyden det er noko i vegen med? Reverbknappen går til 11. Det pakkar alt inn i eit syntetisk fleecepledd. Så mykje av musikken hadde lete så fett tørt! I bukkehornet er det nettopp det “ureine” som er identiteten. “Tid Kvervlar” er eit høgdepunkt. Temaet er tindrande biletklart. Temaet er akkurat slik som dikta til Seglem. Dikt. Som dikta.

Det er når dei to felespelarane er det berande elementet at musikken grip tak mest. Felerekka, som Seglem sa. I “Rindabotn” har felene eit drag tøffare enn Don Corleone. Eg er meir og meir sikker –vegen til sann groove går gjennom venstre handleddet hans Håkon Høgemo.


Karl Seglem Nunatak. Foto: Vossa Jazz/Olav Aga

John Erik Kaada og Ståle Storløkken var blitt invitert av Vossa Jazz til å lage ny musikk saman. Godt tenkt! Sit du med platebunkane deira, høyrer du kor mykje felles språk dei har. Supersilent 6 og Music for Moviebikers for eksempel – lag mashupen!

Klangen av analoge synthar, boksar – det lèt nesten akustisk. Når Storløkken bankar opp Hammondorgelet til ein knudrande beat frå Kaada og Tor Haugerud sit som ein sjaman og knyt vår og deira verden saman. Det finaste er likevel dei rolige synth-koralane. Eit snev av Ryuichi Sakamoto. Kanskje med Pekka Stokke sitt retro-laserlyskunst som ledetråd, høyrde eg nytt soundtrack til Blade Runner.

Det vi fekk høyre denne kvelden kjendest likevel litt meir som ei skissebok. Litt uferdig. Musikken var ikkje heilt under huda på dei endå, samspelet var ikkje heilt på plass. Men ut i frå skissene kan ein berre håpe at dette får gro vidare – der ligg noko heilt genialt i kombinasjonen!


Kaada/Storløkken (foto: Vossa Jazz/Olav Aga)

Medan Fieh spelte til dans i Vossasalen, vart det dansa til The End sin skakke katarsis i Pentagon. Gitarist Anders Hana sitt spel byr opp til ein dans som inneber høg grad av vogging, risting på hovudet og aktiv individuell plassering av einaren. Det er ein punch og ei insistering – linken mellom Fieh og The End er heilt tydeleg for meg.


The End  (Foto: Vossa Jazz/Lars Finborud)

Med tighte t-skjorter og sprengte blodårer brøler Mats Gustafsson og Kjetil Møster i kjent befriande positiv aggressivitet. Kombinert med Sofia Jernberg sine sjokkerande vokalmanipulasjonar utgjer det eit lydbilete som skapt for… lytting. Eg trur det er sunt å lytte til The End. Du blir eit nytt og betre menneske.

Og jammen fekk vi folkemusikk her òg! Vossa Jazz fornektar seg ikkje. Springar frå Gudbrandsdalen og pols(?) frå Sverige. Berre høyr for deg det i det lydbiletet! Kveldens høgdepunkt.

Oi, søren! No må eg springe på plateslepp med Erlend Apneseth Trio og Frode Haltli i Osasalen klokka 12!

Fra forsiden

Nyhet

Tysk prestisjepris til Bendik Giske

Bendik Giske ble nylig kåret til årets artist under German Jazz Prize. En saksofonist og komponist som kontinuerlig flytter grensene, uttaler juryen i sin begrunnelse.

OJKOS spiller: Andrine Dyblie Erdal - Victoria, Nasjonal jazzscene - 23. april 2024

Prima fra ungdommen

Andrine Dyblie Erdals komposisjoner gir OJKOS nye numre og adresser å levere på.

Meld deg på vårt nyhetsbrev