Mulatu Astatke - Cosmopolite, 14. februar 2016

Vellukka jazzfest – trass smårusk

KONSERT: Med fullt hus og feststemt lokale blei det ein fin laurdagskveld på Cosmopolite for Mulatu Astatke. Musikalsk sett var det likevel ikkje plettfritt.

Av Olav Opsvik
Foto: Lasse Brown


Sjølv om det berre er nokre år sidan han var der sist, kom Mulatu Astatke og hans oktett til eit grundig utselt lokale på Torshov laurdag kveld. I publikum var der folk i alle aldersgrupper, fargar og fasongar, og etter nesten to timar endte konserten med trampeklapp og to ekstranummer.

Astatke er ein interessant figur på fleire måtar. Han var den første musikaren frå det afrikanske kontinentet som blei tatt opp på Berklee College of Music i Boston og skapte den gangen eit unikt uttrykk med sin ethio-jazz, tydeleg inspirert av både latinske, vestlege og etiopiske impulsar. For mange i min generasjon vil lyden av Astatkes musikk ofte bli assosiert med hip-hop beats, der han er ein av dei mest brukte lydkjeldene. Kanskje er det noko av grunnen til hans tilsynelatande breie appell. Og kanskje også noko av forklaringa til at han i stor grad fokuserte på komposisjonar frå 60- og 70-talet, som er den epoka hans ethio-jazz blei forma, og som dei fleste hip-hop-artistane har henta samples frå. Dermed blei hans nyare, vel så kvalitetssterke arbeid nedprioritert til fordel for «hits» som (kanskje den mest kjente) «Yègellé Tezeta», rett nok til vill jubel frå salen.
Heldigvis har nokre av hans seinare komposisjonar også like suggererande rytmer, men til dømes ballada «Motherland» fall gjennom i ein kombinasjon av ei snakkesalig folkemengde og trøblete lydtilhøve. På det verste var det mest ikkje råd å høyre Astatkes vibrafon.
Dermed fungerte det best, både reint teknisk og med omsyn til publikumsappell, med Astatkes signaturuttrykk: festlige blåsearrangement over ein funky, rytmisk kompleks beat, som har ein fascinerande miks av uttrykk, også i dag. Folk ville danse, og Astatke var med på leiken.

Dei beste augneblinka oppstod med, og i etterkant av, nigerianske Richard Olatunde Baker sine soloparti på congas og andre perkusjonsinstrument, der resten av bandet gjorde seg flid med å involvere salen i både synging og klapping. Slike avbrekk skapte også «løft» i intensiteten når resten bandet kasta seg på etterpå òg.
Men der var også augneblink der eg tvilte på motivasjonen til enkelte bandmedlemmar, og merka at konsentrasjonen glapp litt i samspelet mellom musikarane. Kanskje har det vore ein lang turné, ikkje veit eg, men generelt sett blei dette ein konsert for publikumarar som ville danse, og i mindre grad ein for jazzinteresserte som ville oppleve store prestasjonar.
Altså blei det ofte meir fest enn jazz, og det er kanskje greit også, men det hadde vore betre om det blei slik fordi bandet ville det, og ikkje fordi forsøk på meir sofistikerte passasjer ikkje fungerte like godt.

Olav Opsvik

Fra forsiden

Nyhet

Tysk prestisjepris til Bendik Giske

Bendik Giske ble nylig kåret til årets artist under German Jazz Prize. En saksofonist og komponist som kontinuerlig flytter grensene, uttaler juryen i sin begrunnelse.

OJKOS spiller: Andrine Dyblie Erdal - Victoria, Nasjonal jazzscene - 23. april 2024

Prima fra ungdommen

Andrine Dyblie Erdals komposisjoner gir OJKOS nye numre og adresser å levere på.

Meld deg på vårt nyhetsbrev