Dølajazz, Lillehammer Jazzfestival - 19. oktober 2018

Varme rom

40års-festen er godt i gong på Lillehammer og om det var med speleglede og energi, lun humor, såre voggeviser handla fredagen på Dølajazz om å skape varme rom.

For underteikna var det Arild Andersen som skulle opne fredagskvelden. Å sjå på det smilet hans når det verkeleg sit i bandet – det blir eg aldri lei av. På Vossajazz i år gjorde Arild Andersen ein konsert med saksofonist Marius Neset, pianist Helge Lien og trommeslagar Gard Nilssen. Nilssen var her bytt ut med Håkon Mjåset Johansen som har ein ganske anna spelestil. Og han er eksplosiv på ein heilt anna måte enn Andersens trio-trommis Paolo Vinaccia. Men dei er alle trommisar som formar soundet betydeleg. Aller mest moro var det når Mjåset Johansen kjørte beint fram swing og Andersen spelte walking i hundreogballtilmiddag. Lien sitt kor på “Venice” og ei energiutblåsing av ein duo med Neset og Mjåset Johansen var nokre av høgdepunkta, men det viktigaste denne kvelden var spelegleda som smitta over på publikum. Det var nesten som om kvartetten synst det var så moro å spele fortandedelar at dei vart litt mindre engasjert i balladane. Med eitt unntak: Det gjorde det ekstra sterkt å høyre låta “The Day”, tileigna Radka, som stod på scena med Andersen under første Dølajazz i 1978. Saka held fram under bildet.

Arild Andersen Kvartett (foto: Øystein Nordås/Dølajazz)

Når ein går inn i Café Stift er det lett å verte skeptisk. Det er eit slikt lokale som alle festivalar har. Som artist er du litt redd for å bli tildelt scena av frykt for bråk frå kassa i baren og prat rundt borda. Difor var det ekstra imponerande når Andrea Rydin Berge med stoisk ro og ei stemme som er like klar som den kalde haustlufta på Lillehammer, klarte å skape eit varmt og trygt rom å vere i på Café Stift. Rydin har skrive nokre perler av nokre låtar – “Please grow flowers in my hair” er – og dette i si mest positive og vakraste meining – berre så rar! Perfekt for ei låt som handlar om kor rare og vakre vi menneske er når vi skal prøve å få livet til å gå oppover igjen. Rydin fortalde med lun humor historier om songane, tok ein skål med publikum og vi følte vi vart teke i mot i stova hennar som vener. Rydin kom med plata Heart of Gold i fjor der ho har med ein cellist, men det er noko heilt magisk med det nakne uttrykket vi fekk denne kvelden. På “Playground” tromma ho lett på autoharpa som einaste komp – denne låta vart ekstra intim. Dei vakre melodiane kombinert med ornamenteringa i stemma og piano gjer at musikken lét akkurat slik som coverbilete på plata. Rydin kunne fortelje oss at det berre var 13 timar sidan ho hadde hatt førre konsert – barnehagekonsert i Trøndelag. Det er kanskje ikkje store forskjellen på å fange merksemda til klubbpublikummet og barnehagepublikummet. Saka held fram under bildet.

Rydin (foto: Are Skurdal/Dølajazz)

Med neste generasjon på første benk i publikum, Innlandet Ungdomsjazzorkester, tok Ensemble Denada med Torun Eriksen scena. Orkesterleiar og arrangør Erlend Skomsvoll har gjort sterke (som alltid) arrangement av låtar frå Eriksens plate Grand White Silk (2016). Eit låt-univers som Skomsvoll har sagt det er godt å vere i. Torun Eriksen har ikkje berre ei uhyre sterk stemme, men formidlar tekst og tvingar publikum på musikken. Men det er litt av ein solist-lineup i dette orkesteret forøvrig. Tina Lægreid Olsens vare barytonsax-kor på “Take my time”, Martin Myhre Olsen sin Brecker-bluesy på “Angry Edgar”, lokale trombonehelt Nilas Granseth på “Grand White Silk” var berre nokre av dei solistiske høgdepunkta.

Lyden på denne konserten var for så vidt klar, men dynamikken i orkesteret vart slukt av eit alt for høgt decibelnivå ut. Ein skulle kanskje tru at høg lyd ut forsterka dei små lydane i orkesteret, men alt blir trykt saman og mettar øyrene våre. Dette gjorde at mange av låtane dessverre fekk mykje det same uttrykket. Urettferdig. Men taket løfta seg i Skomsvolls New Orleans/disco-versjon av “I’ve been thinking about getting older“ – eg skal ikkje seie at teksten resonnerte ekstra godt i det kanskje godt vaksne publikummet, men makan til begeistring! Dølajazz-publikummet fortener merksemd – dei har vore eksemplariske og gitt liv til konsertane til rett tid og vore lyttande stille til rett tid.

Dette skulle bli ein kveld for sterke stemmer. Kristin Asbjørnsen førte oss inn i drøymeland midnattstimen i Lillehammer Kirke. Med sin faste gitarist og medarrangør Olav Torget, groovemeister Rune Arnesen og ikkje minst Suntou Suusso på kora. På hennar siste plate Traces of you er det gambiske nasjonalinstrumentet inkludert så sjølvsagt og naturleg på linje med dei andre inspirasjonskjeldene til Asbjørnsen at ord som det gambiske, norske eller amerikanske er uinteressant. Men hjelpes for ein solist Suusso er – eg kunne høyrt på han heile natta.
Musikken fekk i Lillehammer kirke eit framifrå visuelt akkompagnement med lys og prosjekterte, abstrakte måleri på kyrkjeveggen. Saman med Asbjørnsens nære stemme skapte dette nok eit varmt rom.

Fra forsiden

Nyhet

Gjenforenes på åpningen av OsloJazz

Legendariske Masqualero gjenforenes med åpningskonserten på Oslo Jazzfestival i Operaen søndag 11. august. - Dette blir en kveld for den norske jazzhistorieboka, sier festivalsjef Line Juul.

Nyhet

Jaga Jazzist åpner Victoria-høsten

Jaga Jazzist sesongåpner Nasjonal jazzscene i Oslo med to konserter, fredag og lørdag 30. og 31. august. - Vi har den store gleden av å åpne høstsesongen med et band vi har ønsket på scenen siden vi flyttet inn på Victoria, sier direktør Øyvind Larsen.

Meld deg på vårt nyhetsbrev