Geir Sundstøl + Nils Økland (Hubro 9 år) - Kafé Hærverk, 11. oktober 2018

Utvandrarane Sundstøl og Økland fann heim i Oslos nye eldstove

Økland og Sundstøl er musikalske utvandrarar. Og på same måte som i folkemusikken til utvandrarane til Amerika, er det ei sterk kjensle av heim i denne musikken.

Den føredømelege, meir og meir uunnverlege klubbscena Hærverk var trongt pakka både med folk i skinnjakke og folk i ullgenser. Sundstøl og Økland. Gitar og fele. Skinnjakke og ullgenser. Kan det bli meir Hubro? Plateselskapet feira ni-årsjubileum med plateslepp av “Brødløs” frå Geir Sundstøl. På plata har han med seg det som kan seiast å vere eit slags Hubro “all stars”, men denne kvelden var han aleine i lag med Nils Økland.

Høfleg snik Økland seg forbi skinnjakkene og opp på scena med fela. Improspelmannen har funne si stemme litt utanfor alt anna. Han har utvandra frå folkemusikk, jazz, friimpro. Om det er flatfele eller viola d’amore, om det er Biber eller Bjørnar Andresen – det er Nils som gjer denne musikken. Alt let som om det er improvisert. Og takka vere nær oppmikking og krystallklar lyd, kan han spele på den same intimiteten i klangen som om han var aleine heime. I det Økland legg bogen på fela, er vi kopla på den kviskrande klangen. Dei små og nære lydane rører oss liksom fysisk. Musikk intravenøst. Saka held fram under bildet.

Geir Sundstøl (foto: Jon Arnesen)

Kjensla av at vi får musikken intravenøst blir ikkje mindre i det Geir Sundstøl set seg ved pedal-steelgitaren. Effektbruken, mellom anna av moog, gjer at steelgitaren heller let som eit rikt og skakt kyrkjeorgel. Her kjem vi frå Øklands nære kviskrefele og går inn i katedralen – katedralcountry. Vi blir overvelda av eit massivt lydbilete. Når loopen på “Læms” er lagt og Sundstøl tek opp dobroen, grip den krispe lyden inn i klangbad-loopen. Dette har ei opprørande sterk effekt! Der Sundstøl står og voggar fram og tilbake, borar han gitarsongen inn i lyttaren med ei makelaus frasering og touch. Det er uhyre sterke melodiar Sundstøl har med seg på “Brødløs”. Det let gjennom kvar tone, akkord og lyd at han meiner det akkurat slik det er spelt. Det er inderleg musikk ein vil vere heime i.

Sundstøl gjer seg seg som sagt nytte av mykje effektar, og for det meste er dette særs smakfullt gjort. Mykje av Sundstøls identitet ligg jo mykje i nettopp dette. Andre effektar er eg litt meir usikker på. Sundstøl nyttar ein del spor, mellom anna med tablatrommer. Dette er for så vidt stilig i seg sjølv, men det tek oss litt ut av den intense kjensla av å vere til stades. Ein kunne ønske seg ein levande trommis innimellom (og kanskje til og med ein bassist?).

For å runde av kvelden inviterer Sundstøl Økland på scena. I følge Sundstøl var dette fyrste gong dei spelte i lag, og eg håpar og reknar med at dette ikkje blir den siste. Den siste songen dei to spelar saman blir for meg kveldens høgdepunkt. Dobro og Viola d’amore er for det første ein drømmekombinasjon klangmessig. Det er kaldt og varmt, det er tynt og tjukt. Det andre er møtet mellom språk frå amerikansk og norsk folkemusikk. Det let som om dei to utvandrarane møttest og fann ut at dei eigentleg var frå same heimstad.

På ni år har Hubro omtrent døypt om Spellemannsprisens opa klasse til Hubro og laga ein sjanger herleg fri frå fjelljazz og evig etterklang. Gjennom intim, krisp og detaljfokusert lyd kjem musikk som er respektlaus for alt anna enn seg sjølv. Det er skremmande kor mykje gode utgjevingar vi får frå selskapet. Tenk å komme over Hubro-katalogen på ei bruktsjappe om 30 år!

Fra forsiden

Nyhet

Gjenforenes på åpningen av OsloJazz

Legendariske Masqualero gjenforenes med åpningskonserten på Oslo Jazzfestival i Operaen søndag 11. august. - Dette blir en kveld for den norske jazzhistorieboka, sier festivalsjef Line Juul.

Nyhet

Jaga Jazzist åpner Victoria-høsten

Jaga Jazzist sesongåpner Nasjonal jazzscene i Oslo med to konserter, fredag og lørdag 30. og 31. august. - Vi har den store gleden av å åpne høstsesongen med et band vi har ønsket på scenen siden vi flyttet inn på Victoria, sier direktør Øyvind Larsen.

Meld deg på vårt nyhetsbrev