Petter Wettre Quartet - Pig Virus 2.0 - Nasjonal Jazzscene, 29. april 2016

Tidsreise med blanda kjensler

KONSERT: Petter Wettres gjennomførte eit modig besøk til fortida, men drog konseptet litt for langt.

Det er sjeldan eg høyrer folk ytre eit ynskje om å spole tilbake til 1996. I tillegg til det krevjer det ganske rak rygg å skulle saumfare si eiga debutplate som jazzartist 20 år seinare. Sjølvkritiske kunstnarar vil nok finne ei uendeleg rekkje feil på arbeidet ein gjorde i ung alder. Men akkurat der står kanskje Petter Wettre i ei særstilling. Pig Virus må seiast å vere ein uvanleg sterk debut, med ein solid låtskrivar og saxofonist backa av eit svært solid komp: Terje Gewelt på bass, Per Oddvar Johansen på trommer og ikkje minst Håvard Wiik på piano.

Den samme gjengen var altså samla på Nasjonal jazzscene fredag kveld i høve albumets 20-års debut, og konseptet var stramt og relativt uvanleg i ein jazzsamanheng: Pig Virus frå 1996 skulle spelast frå start til slutt. Tanken verka god i utgangspunktet, og den kjensla blei stadfesta då Wettre og Johansen sette i gang med det catchy opningssporet «Sann», eit passe nerdete bop-riff med drivande trommer. Men at Wettre i neste augneblink valde å nytte loopstasjon til å harmonisere er for meg uforståeleg. Loopinga punkterte den naturlege elastisiteten i låta og amputerte den dynamiske utviklinga den legg opp til. Originalen står seg diverre langt betre.

Resten av konserten blei gjennomført utan slike smått radikale val, og sjølv om kvartetten var noko prega av å ikkje ha spelt særskild mykje saman siste åra, var der ei stigande kurve frå start med omsyn til både intensitet og kreativitet i improvisasjonane. Pianist Håvard Wiik skal nok ha mest av æra for denne stigninga. Wiik har kome langt sidan 1996 og løfta det heile kvar gang han stemte i med eit kor over Wettres morosame, men kanskje noko sterile, komposisjonar, og la til akkurat nok krydder slik at smaken blei litt skarpare. Men til trass for desse løfta byrja også kurva å dale då dei var litt meir enn halvvegs gjennom dei 13 låtane Wettre valde å gi ut med Pig Virus.

Og der trur eg forklaringa er ganske enkel: 13 låtar er ganske mykje for ei slik, elles relativt sjangertypisk, jazzplate. Og det er utvilsamt alt for lenge for eit sett. Inkludert ekstranummer til slutt nærma konserten seg to timar, og samme kor fine låtar Wettre skreiv for 20 år sidan blir det for mykje og for lenge av det same. Eg vil tru kvartetten var klar over denne risikoen før dei gjekk på scena, og i teorien kunne dei kanskje spelt kvarandre nok opp til at det var gjennomførbart, men slik blei det ikkje denne kvelden.

Her drog kanskje Wettre konseptualiteten (som trass alt ikkje er så spennande) litt for langt. Pig Virus kunne fått ein betre hyllest, anten delt opp i to sett, eller eit kortare sett med eit utval av dei beste låtane. Men sjølv om der er mange gode låtar forstår eg heller ikkje at han no, som han avslørte frå scena, vil spele inn plata på ny med materiale frå jubileumskonserten. Vil han ikkje heller sjå framover?

Med dette sagt var fleire av dei sterkaste låtane lyspunkt undervegs i konserten fredag kveld, og avslutningslåta (før ekstranummer) «Veis ende» er heldigvis ei av desse. Ei klassisk jazzballade – kanskje enno meir elegant gjennomført enn på plata. Wettres ganske lange koda åleine var kanskje hans sterkaste prestasjon heile kvelden og eg følte verkeleg at han ville seie noko der. Diverre var det noko seint å kome med det initiativet.

Olav Opsvik

Fra forsiden

Nyhet

Gjenforenes på åpningen av OsloJazz

Legendariske Masqualero gjenforenes med åpningskonserten på Oslo Jazzfestival i Operaen søndag 11. august. - Dette blir en kveld for den norske jazzhistorieboka, sier festivalsjef Line Juul.

Nyhet

Jaga Jazzist åpner Victoria-høsten

Jaga Jazzist sesongåpner Nasjonal jazzscene i Oslo med to konserter, fredag og lørdag 30. og 31. august. - Vi har den store gleden av å åpne høstsesongen med et band vi har ønsket på scenen siden vi flyttet inn på Victoria, sier direktør Øyvind Larsen.

Meld deg på vårt nyhetsbrev