Vossa Jazz - laurdag 13. april 2019

Takk, Vossa Jazz!

Det er vanskeleg å tenkje seg eit betre program enn Vossa Jazz-laurdagen i år.

Ja til konsertar på dagtid! Når du ikkje er trøtt, når det er lyst ute, når hovudet er klart og vel restituert etter natta. Det er då du kan lytte, ta inn. Laurdag 13. April var det mykje å ta inn på Voss.

Allereie klokka 12 opna Erlend Apneseth Trio i Osasalen. Dei laga Salika, Molika som eit bestillingsverk til Bergen Kjøtt i fjor. Til det vart trioen utvida med Frode Haltli, ein logisk og perfekt match. Lydbilete er komplett – det er lyden av å tenne på knusktørr bjørkenever. Det knitrar og tek fyr. Måten Stephan Meidell brukar vifter på gitaren er glimrande, i alle meiningar av ordet. Øyvind Hegg Lunde sitt trommesett er i tova ull. Mellom transcendentale groovar og hjartenære melodiar stryk Erlend Apneseth så inderleg på fela at det er som om han eigentleg syng. Det er akustisk musikk fylt med elektrisitet. Eg trur dette var årets Vossa Jazz-høgdepunkt.


Erlend Apneseth Trio med Frode Haltli. Foto: Vossa Jazz/Olav Aga 

Jammen rakk eg siste halvdel av foaje-konserten med Trond Kallevåg Hansen. Han har funne “the missing link” mellom “Bedehus og Hawaii”. Vi skjønar alle no at det er to sider av same sak. Steelgitar, fele, kontrabass i sentimentale klangar og melodiar. Alt i den same atmosfæren. Det slo meg korleis denne musikken la ei ro over publikum i salen. Salig stund i bedehuset på Hawaii.

Litt utanom planen stakk eg også innom Akershus og Oslo Ungdomsjazzorkester. Eg vart paff – er det slik ungdommen er no til dags? For eit nivå! Under inspirerande kraftfull leiing av Shannon Mowday gav orkesteret all sin energi. Det er ofte det kjekkaste med nye namn. Framtida i norsk jazz er, framleis, lys.

Så bar vegen oppatt til Osasalen, kanskje det lokalet som passar best for konsentrert lytting. Signe Emmeluth Space Ensemble blir best lytta til slik – konsentrert. Heile vegen var lydverda fylt av smålydar. Om det var frå dei touchy trommmene til Andreas Winther, stemma som var fanga i tubaens svarte hol, eller den varme støyen frå gitarist Karl Bjorå. Den tette samklangen mellom Rohey Taalah si stemme og Signe Emmeluth sin saksofon var spesielt fascinerande.


Signe Emmeluths SpaceMusic Ensemble. Foto: Vossa Jazz/Runhild Heggem

Space-jazzen var ikkje berre å høyre blant lydane, men gjennom tidsdimensjonen i musikken. Musikken var strekt utover, og vi mista opplevinga av start og slutt – tid og rom. Melodiane kom svevande forbi midt i alt. Guosté Tamulynaitë var eit av dei mest spennande nye bekjentskap denne festivalen. Frå messianske løp, via feite kvartar, før ho vogga oss inn transen med klusterakkordar. Ho viste ei sterk vilje i alt ho gjorde. Emmeluth Space Ensemble er det nye.

Hedvig Mollestad er så tøff at eg blir redd. Tingingsverket opna med akkordrekkjer i svart kvitt – noir. Ein enkel, vakker melodi. Så – eit beinhardt riff, badass unislinje på toppen kastar dei to rhodes-rytterane Marte Eberson og Jon Balke ut i kanskje festivalens gøyaste kor. Det letta. Dobbel rhodes var rett og slett genialt. Og Marte Eberson veit å bygge eit kor. Disponerer perfekt, går på løp, slepp opp, på igjen. Ho er vektlaus i spelet.

Den enorme gitaren fekk dominere rommet, medan synthar, perkusjon og trompet får klinge fascinerande samla. Lyden spelte ei avgjerande rolle i denne musikken. Det blir eit sug i dynamikken, der alt opnar og lukkar seg i lag. Over eit gloomy synthriff kjem klagesong slik berre gitarar og trompetar kan klage. Så skrur Hedvig opp lyden – eit siste flygande kor.


Tingingsverket 2019. Foto: Vossa Jazz/Runhild Heggem

Frode Haltli sitt spelemannslag Avant Folk fylte Gamlekinoen. Haltli går på scena med gullskjorte og raude bukser – det er liksom meir gull og raude bukser over repertoaret denne gongen. Plata som kom i fjor er meir smertefull. No skal det dansast. Polsar som blir vrengt i samtidsmusikk. Det er ei gruppe med sterke individ, dette. Eit av dei tøffaste augeblikka er skeivspelet mellom Stein Urheim sin oud, Apneseth og surna belgar. Svevande strykekvartettar glir over i cymbalbad frå Siv Øyunn Kjenstad og eit stev av eit basskor. Haltli har opna endå ei ny klasse.


Frode Haltli Avant Folk. Foto: Vossa Jazz/Olav Aga.

Lassen skal avslutte Vossa Jazz for min del. Med fuglekvitter frå høgtalarane går bandet på scena. Dei held roa, dei veit at musikken vil bryte seg fram best om han får tid til å vere det han vil. Det slår meg kor fingerspiss-samspelte dette bandet er. Tore Flatjord sparkar opp Lassen. Utfor. Bram De Looze sitt kor på nest siste låt er eit av festivalens absolutt finaste. Lassen tek konsertsituasjonen og publikum på alvor og får oss til å føle at vi er med på noko spontant, ekte – her og no er vi dei heldige. Det er avgjerande for lyttarane, og eg er sikker på at det er avgjerande for musikken. Harald Lassen håpar dei aldri pussar opp Perrongen. Han om det. Det er i det minste ikkje eit kulturhus. “Aldri mer kulturhus”!

Puh. Takk for musikken, Vossa Jazz!

Fra forsiden

Nyhet

Tysk prestisjepris til Bendik Giske

Bendik Giske ble nylig kåret til årets artist under German Jazz Prize. En saksofonist og komponist som kontinuerlig flytter grensene, uttaler juryen i sin begrunnelse.

OJKOS spiller: Andrine Dyblie Erdal - Victoria, Nasjonal jazzscene - 23. april 2024

Prima fra ungdommen

Andrine Dyblie Erdals komposisjoner gir OJKOS nye numre og adresser å levere på.

Meld deg på vårt nyhetsbrev