Oslo Jazzfestival - 17. august 2019

Takk for i år, Oslo Jazzfestival!

Eg fattar ikkje korleis det er mogleg å skape musikk som treff så langt inne. Eit av årets største musikalske augeblikk kom på siste dagen av Oslo jazzfestival.

Sonisk badstove
Christian Wallumrød og Kim Myhr har ei duo-plate på veg – det kan bli stort! Det knitrar og buldrar i Hvelvet – eit spel med frekvensar og tid. Og no hadde Hvelvet endeleg eit tilstrekkeleg lydnivå slik at ein kjenner musikken på kroppen. Hvelvet var ei sonisk badstove, dette er kroppsleg musikk.
Musikken tek lang tid, og gir lyttaren tilstrekkeleg tid til å lytte på eit djupare nivå. Vi mistar kjensla av tid og rom. Når Myhr slår den same akkorden omatt og omatt, og Wallumrød har dyrka fram eit kyrkjeorgel frå boksane sine er det nesten så ein blir usikker på kva som er lyd i rommet og kva som er imaginære lydar. Nei, eg har ikkje blitt gal, men vi flyttar fokus mellom ulike nivå i frekvensområdet, i lydlandskapet, og blir skapande lyttarar.
Duoen hadde heile vegen ei retning på alt dei gjorde. I løpet av dei 50 minutta hadde vi vore med på utviklinga av ei setning, kanskje berre eit ord. Wallumrød og Myhr var trufaste til ideane heile vegen og laut musikken ta den tida den trengte. Stort.

Miles Davis 2019
Mathias Eick vart invitert til å få med seg ein sekstett og hylle Kind of Blue, på dagen 60 år etter innspelinga. To utselde førestillingar i Marmorsalen. Det er fint med slike markeringar, fint å sjå bakover, fint å dyrke helgenar og relikvier.


Mathias Eick m/venner. Foto: Matija Puzar/Oslo Jazzfestival

Det er for så vidt ei fin førestilling dette, med trykk på førestilling. Publikum er nok nøgde. Men reint musikalsk er det jo litt merkeleg. Det vil slike prosjekt vere uansett kva måte ein gjer det på. Akustikken i Marmorsalen er snarlik The Church, studioet der Kind of blue vart spelt inn. Musikarvalet er ganske “spot on”. Eick og co er tett opp mot kjeldemateriale og har, slik eg opplever det, forsøkt å gå inn i sounden, spelet og fange atmosfæren på plata. Det treff ikkje blink, det vil ingen nokonsinne gjere, sjølvsagt. Difor er det kanskje meir meiningsfullt å bryte heilt og bevege seg i ytterkanten av Kind of Blue? Ta tak i noko ved Kind of Blue og utforske det elementet? Eller berre sett på plata. Igjen.

Omreisande predikantar
Maja S. K. Ratkje og Stian Westerhus gjekk på scena frå venstre side, der 1800-talet ligg. Tidsriktig kledde og med eit pietistisk drag over ansiktet såg dei mest ut som omreisande predikantar på prærien. Sjølv om musikken dei framførte var skrive til Hamsuns Sult, gjekk både musikalske og utanommusikalske assosiasjonar langt utan for Kristiania 1890-talet.
Stian Westerhus på akustisk gitar! Dette har eg venta lenge på. Eg hugsar sterkt konserten han hadde i Vigelandsmausoleet, der han i starten ikkje plugga i og fekk gitaren til å synge. Venstrehanda hans bør forskast på. Westerhus overfører mykje av teknikkane han nyttar med full elektrisk rigg vanlegvis over på kassegitaren. Han slår og klemmer strengane, festar klyper. La oss få ei akustisk soloplate snarast.
Den framifrå lyden var heilt avgjerande. Med høgsensitive mikrofonar som plukka opp kvart knirk og pust, fekk vi vere på innsida av musikken. Med Westerhus istaden for multiinstrumentet Ratkje bygde til Sult-førestillinga i Operaen, vart musikken endå nærare.


Foto: Nuno Pissarra/Oslo Jazzfestival

Eit av årets desidert sterkaste musikalske augeblikk kom då Ratkje tok fram fela og spelte så vakkert at eg nesten vart pinleg berørt. Maja Ratkje som spelmann i ein tradisjon frå eit uoppdaga folk. Det rørte, iallefall meg, heilt innerst inne. Det var ei skilsetjande konsertoppleving. Gjekk ein inn i denne musikken, likna det meir eit møte med naturen enn eit møte med musikken. At eg ikkje såg Sult i operaen blir sårare og sårare for kvar dag.

Glad grov-fusion
Kalle er saksofonisten Karl Hjalmar Nyberg. Kvartetten har folk frå Broen (Heida Karine Mobeck, tuba), Pom Poko (Martin Miguel Almagro Tonne, gitar), Mall Girl (Veslemøy Narvesen, trommer), Megalodon (Kalle, sjølv, på saksofon). Dette er representantar for dei hippaste banda på scena i dag – dette er jazzmusikarar som har publikum langt utover dei med festivalpass eller frivillige på Oslojazz. Det rann inn med folk! Det handla ikkje berre om at det var gratis – Kalle er akkurat det du vil ha ein laurdag klokka 23:59.
Punk-korte låtar, naivistiske riff, vekselsvis hardt og dansemjukt. Ein slags skitten grov-fusion. Og med ståplassar og trengsel var Hvelvet perfekt denne gongen! Tubaen til Heida fekk buldre i veggane, og saksofonen skar seg ekstatisk over dansegolvet (eller vuggegolvet, då..).
Kalle kunne fint kjørt på med kunst og dans og kostyme på scena, men eg landa på at det var deilig at dei berre spelte. Musikken var så utadvendt, vittig og dansande i seg sjølv.

Takk for i år, Oslo Jazzfestival!

(Og Blow Out vs Oslojazz – fiks det.)

Fra forsiden

Nyhet

Tysk prestisjepris til Bendik Giske

Bendik Giske ble nylig kåret til årets artist under German Jazz Prize. En saksofonist og komponist som kontinuerlig flytter grensene, uttaler juryen i sin begrunnelse.

OJKOS spiller: Andrine Dyblie Erdal - Victoria, Nasjonal jazzscene - 23. april 2024

Prima fra ungdommen

Andrine Dyblie Erdals komposisjoner gir OJKOS nye numre og adresser å levere på.

Meld deg på vårt nyhetsbrev