NMHs eksamensfestival - Nasjonal jazzscene Victoria, 12.06.2017

Stilreine kandidatar

– Og med det kastar eg meg ut i den frie marknaden, sa jazzgitarist Stian Unhjem før han avslutta sin eksamenskonsert ved Norges Musikkhøgskole. Marknaden lyt berre spisse øyrene.

Biletet: Stian Unhjem med bandet ísa (foto: Olav Opsvik)

Mot slutten av vårsemesteret på Nasjonal jazzscene byr det seg ei fantastisk moglegheit for publikum som vil lodde stemninga for den nære framtida i norsk jazz. Eksamensfestivalen til jazzstudentane på Norges Musikkhøgskole har ei større breidde og fleire fine overraskingar enn dei fleste norske jazzfestivalar, og med den publikumsoppslutninga den har no blir den eit strålande lyspunkt mellom dei hektiske mai- og junidagane.

70-tals jazzrock ispedd litt Clint Eastwood
Måndag kveld blei årets rekkje av eksamenskandidatar runda av for denne gang. Først ut var bassist Håkon Norby Bjørgo med hans trio Pangpang. Der har han med seg trommeslagar Ivar Myrset Asheim og gitarist Sander Eriksen Nordahl, og saman spelar dei gjennomført 70-tals jazzrock.

Pangpang:  Håkon Norby Bjørgo (gitar), Ivar Myrset Asheim (trommer) og Sander Eriksen Nordahl (gitar). Foto: Olav Opsvik
Pangpang: Håkon Norby Bjørgo (bass), Ivar Myrset Asheim (trommer) og Sander Eriksen Nordahl (gitar). Foto: Olav Opsvik

I stor grad var det trommene og gitaren som verkeleg skapar det stilreine preget, med ein deilig rufsete stil, sløye trommebrekk og smakfulle, passeleg psykedeliske gitareffektar. Samtidig syner hovudpersonen seg som ei sterk ryggrad i gruppa, og ikkje minst som ein morosam og interessant låtskrivar.
Til trass for dei utprega referansene i lydbiletet har Bjørgo også lukkast med å skrive spennande linjer, riff og harmoniar, og når han i tillegg slengte inn litt mysande, sløye western-referansar, inspirert av Clint Eastwood-klassikaren «The Good, the bad and the ugly», dannar det seg eit bilete av ein trio med klår og morosam identitet. Gjennom settet veksla dei frå sløy, rocka utføring av Bjørgos riff, til fintfølande samspel og kollektiv improvisasjon. Det er berre å gratulere.

Gitarist med pop-teft
Aller siste kandidat ut denne våren var gitarist Stian Unhjem, som også stilte med sin eigen trio, ísa, der han spelar med bassist Magnus Falkenberg og trommeslagar Magnus Stefaniassen Eide. For høvet var trioen utvida til heile 9 musikarar, med blåserekke, fender rhodes og vokalist i tillegg til dei tre.

Det blei med andre ord lagt opp til ei mektig oppleving. Komposisjonane til Unhjem er prega av klangrikt og harmonisk gitarspel, med effektar som skapar eit massivt og fyldig lydbilete. Melodiøse komposisjonar og silikemjuke, sarte harmoniske rekker blei kraftig forsterka av dei velgjorte blåsearrangementa, fine små viser og supplerande rhodes-spel.
Totalbiletet blei gjennomført, stilrein popmusikk, med rikeleg rom for instrumental utfalding, særskild frå kandidaten. Uttrykket var imponerande modent og Unhjem synte seg som ein smakfull komponist, arrangør og gitarist på same tid. Om ein skal trekkje fram manglar er det kun eit par brot frå det gjennomgåande uttrykket eg kanskje sakna litt.

Slutt på bokstavkarakter
Unhjem synte forresten ein fin, humoristisk innfallsvinkel til den noko merkelege situasjonen som ein jazzeksamen er. «No skal eg bevise ein gang for alle at eg kan å spele gitar!», sa han i byrjinga, og avslutta med dette: «No kastar eg meg ut i den frie marknaden!». Det er litt snålt at ein jury skal sitje å vurdere desse kandidatane, som allereie er erfarne og profesjonelle musikarar på mange måtar.

Men det er uansett verdt å nemne at Norges Musikkhøgskole i år har valt å gå bort frå å gi kandidatane vurdering med bokstavkarakter, og soleis går over til den praksisen som har vore gjeldande ved til dømes Jazzlinja i Trondheim i årevis, med bestått/ikkje bestått. Institusjonen kan gi seg sjølv eit klapp på skuldra for å ha tatt til fornuft.

Olav Opsvik

Fra forsiden

Now's the time

NTT: Jazzjam House Rules

Tullkattesnutene tar med barn ut i verden, Audun Ellingsen knipser klingende jazzmynt, ferske videoer, bookingnyheter og konsertinntrykk pluss et Jazznytt-intervju med Amalie Dahl!

Nyhet

Tysk prestisjepris til Bendik Giske

Bendik Giske ble nylig kåret til årets artist under German Jazz Prize. En saksofonist og komponist som kontinuerlig flytter grensene, uttaler juryen i sin begrunnelse.

Meld deg på vårt nyhetsbrev